I dag var eventyret over og eg skulle berre heim. Tok snarast veg frå Beitostølen og avgårde kl 0730. Første stopp Vang for bensin, min ide om at det var Circle K der og dermed kaffitid satte YX skiltet ein stoppar for.
Fylte 12 liter, som vanleg langt nede i reservetanken, og peisa på over Filefjell i øspøs. Da e fint der, men fokuset i dag var å hindre dogg og samtidig ikkje få vatn på innsida av visiret… Lettare sagt enn gjort
Første stopp etter det vart Flåm, 157 km frå Beitostølen så eg har utvikla vesentlig bedre stayer-evne enn i starten. Kroppen blir støl no også, men der hjelper veldig mykje å stå når farten er lav…
Planen derfrå var ein Circle K burger på Voss, men i dette elendige drittværet var alt søkk vått og sjølvsagt veldig dumt å putte regntrekket i kofferten til June. Har hatt liten plass heile turen så var opptatt av å «tynne litt» før eg drog sørover igjen, så eg feks kunne få med litt handel…
Vel, kjørte ikkje forbi noko Circle K stasjon på Voss heller, tross blaut så var formen fin, fortsatt derfor videre etter ein kort stopp for å tørke visiret på innsida.
Herfår gjekk det jevnt og trutt med enormt med trafikk på E16, eg ok snarveien frå Trengereid, men ser no på Google at det berre skil 1 min etter at den nye tunellen har kome, men denne vegen er engasjerande på MC uansett, spes når det er tørt så det var ein fin slutt på turen, eg merkar jo at eg har begynte å kjøre litt fortare i svingar no enn når eg starta, det er ei naturleg utvikling med mengdetreninga eg har fått, men sjølvsagt viktig å ikkje bruke opp den ekstra marginen ein har opparbeida ved å pushe grenser…
Oppsummert har dette vore eit eventyr!
Eg angra ikkje på at eg kjørte åleine, det måtte nesten bli slik også sidan turen vart delt i 3 med usikre start tidspunkt. Nordkapp var kun ein impulstur og ikkje del av opprinneleg plan heller!
Tross åleinetur har eg truffe mange kjekke mc folk, det er noko med dette miljøet, kanskje er det fordi ein er så utsatt at ein også tar var på kvarandre, deler erfaringer og eg kjenner sjølv at eg ikkje hadde nølt med å bruke mykje tid på å hjelpe ved behov, det ser eg også at mange andre «bikere» gjer! I bilen får du ikkje den samholdsfølelsen. Det å føle seg likesinna gjer noko med ein trur eg…
Eg traff flest på Kystriksveien, Italienere, østerrikere, tyskere, engelskmenn og til og med ein danske på Saltfjellet med heilt ny AfricaTwin med DCT… sukk.
Eg holdt som nevnt følger med ein hyggelig trønder gjennom det meste av Kystriksveien, men den løgnaste episoden var ein anna trønder eg traff der, han kjørte ein 3 hjuling med henger. Han var godt oppi åra, kunne heilt sikkert få jobb som julenisse og når eg spurte om det var telt i hengeren så fekk eg meg ein god lott, ein herlig julenisse latter kom spontant med kommentaren; «Tælt nai, hohohohohohohohohhej. Nei, æ he itt me TÆLT nai, hengaren e fyll tå øøøll sjø»😂. Ubetaleleg!
Eg tenke kanskje å lage ein egen liten post om sykkelen som har klart seg veldig fint, uten eit feilslag.
Heilt perfekt for så lang tur e den likevel ikkje, eg har jo sikla litt på dei større Adventure syklane på min veg og ser vel no i større grad enn før kvifor mange kjører slike . Dei blåser over ujevn veg feks på ein heilt anna måte enn NC750, du treng absolutt ikkje vere i skog før slik veg dukkar opp, det held med E6 som mange stader har dårleg standar. Men er det ikkje alltid slik? Ein kan alltid få noko betre…
Oppsummert, skal ein kun bruke sykkelen til slike turar hadde eg valgt noko anna, men når den brukes daglig til jobb, handel og småkjøring så er det ein utrulig kapabel sykkel som takle grusveg, langtur og småkjøring uten større problem!
Godt mulig det blir fleire turar nordover på denne! Fin måte å få litt tid for seg sjølv, litt avkobling og mykje frisk luft og naturopplevelsar.
Eg har hatt 8 overnattinger i telt:
Nordover:
- Voss
- Dombås
- Holm (start på Kystriksveien)
- Halsa (rett etter siste ferge RV17)
- Sørkjosen
- Kokelv (fricamping før Havøysund)
- Trofors (Storfors camping)
- Beitostølen
Teltet er eit billeg Urberg G3 kuppel telt. Veldig fornøyd med det, heilt anna enn fjelltelt som eg vil sei er svært dårlig egna til MC tur. Kuppeltelt er mykje høgare og det har to fortelt slik at alt MC utstyret kan lagrast der du ikkje går inn, samtidig er det også ein heilt anna lufting når begge innganger åpnes når det er svært varmt som det var eit par av dagane! Kostar kun 1599,- på tilbud og det er jo spart inn for lengst.
Eg har betalt 200-270 inkl dusj på kvar camping og hytte er fort 800-1200. Eg er ikkje religiøs på å bruke teltet, men i fint ver ville eg uansett ikkje brukte noko anna, i dårligere har det ikkje vore ledige hytter. Eg har også vore heldig og ikkje ankomme i regnver, det var søkkbløtt for første gong på Beitostølen, men eg fekk opp teltet før regnet kom og då er det ikkje noko stort problem.
Det å sette opp eit kuppeltelt i øspøs har eg ikkje prøvd, men det er nok ei utfordring siden du set opp innerteltet først som ikkje er tett. Eg tenker eg skal få det til ved å legge teltduken over føre eg hekter på stengene som står på utsida av innerduken, men det blir ikkje lett å halde det 100% tørr, så det er eit klart minus med slikt telt vs fjelltelt…
Vel, thats it, tida går fort når ein har det gøy, siste veka blir i båten og vèret ser rett så fint ut…
No comments:
Post a Comment