Sjølv om eg våkna kl 06 hadde eg bestemt meg for ikkje å forhaste avreisa denne siste dagen, eg var jo tross alt på tur…
Eg tok meg derfor god tid med frokost og kaffi før eg satt ferdig pakka på sykkelen kl 0930!
420 km igjen til hytta og med mesteparten av familien på plass sidan fredag hadde det vore litt for egoistisk å unna seg enda ein dag så dermed var det er ein klar plan å kjøre heilt fram i dag. 420 km inkluderer distansen over Vestfjorden (Bognes-Lødingen). Frå Lødingen er det berre 4 mil til Sandtorg!
Stopp ca ein gong pr time passar meg bra, sjølv om nokon av øktene har vore mykje lengre
I dag vart det både og, første stopp var Svartisen etter berre nokre mil, så uendelig flott i slikt ver… Når eg studert i Bodø på tidleg 90 tal var me der med hurtigbåt. Slik eg hugsar det den gongen gjekk isen nesten ned til sjøen, så den må ha trekt seg bra langt tilbake på denne tida, men så er det jo over 30 år sidan også…
Neste stopp vart Gildesskål og den flotte rasteplassen som også er avbilda i:
https://www.nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/helgelandskysten/
Her var det satt opp et minnesmerke om dei avdøde fra ubåten Uredd som fraktet motstandsfolk under 2. verdenskrig når den traff ei mine og sank…
Vel, neste stopp vart Saltstrømmen, veldig flott natur også på dette strekket. Ein ny is og tur ned til strømmen for å strekke på beina, etter 2 år som student i Bodø har eg vore mange gonger i Saltstrømmne, men det er likevel fascinerande å sjå dei enorme kreftene som er i sving der, straumen kan komme opp i 20 knop!!
Neste stopp vart Fauske for ein burger på CircleK, strekket videre til Bogenes på 163 km er alltid tungt syns og og slik vart det denne gongen også, endelaust med smale og dårlig opplyste tunnellar og eit jag mot ferga med pushy bilar som ligg altfor nært bak, dei har åpenbart ikkje ikkje forstått at me på sykkel må ta det litt roleg inn i mørke tunneller når det er skarpt lys ute, iallefall brukar mine auge tid på å omstille seg og i den perioden er ein sårbar og må kjøre der etter…
Ein liten stopp ved avkjøringa til Steigen og det slo meg at dette «Steigen-riket» nok er fint å kjøre sykkel i… Maybe next time…
Tydelig beskjed om parkering og stropping av syklar, lurt. Eg saknar litt meir info om slikt på øvrige ferger. Har med stropper sjølv, men her hadde dei til alle syklane
På andre sida vart det då 40 km sjarmøretappe, og rett på grillmiddag, kunne ikkje passa betre.
Dermed var håpa del 1 av turen over, litt klar for å fortsett og litt klar for å ta pause. Godt med god seng etter 4 døgn i telt. Det skal eg innrømme
Litt tekniske data iflg kjørecomputer:
Kjørte: 1671 km
Brukt: 54 liter bensin
Snitt forbruk: 0,33
Snittfart: 64 km/t
Tid: 26 timer og 15 min.
Forbrukt har eg målt nøyaktig og det er faktisk berre 0,305 så computeren viser meir enn det som går, utrulig nok…
No comments:
Post a Comment