Thursday, July 4, 2024

Nord-Norge - Dag 2 (Dombås)

Eg vaknar alltid tidleg når eg søv i telt så etter å ha kokt litt kaffi i teltet var eg ferdig pakka og klar litt over 08. Det fyrte opp ein GS1250 kl 06 så veldig tidleg var eg jo ikkje.

Masse knott i vindstille og lett regn så pakking gjekk meget raskt:)



Eget telt er kjøpt inn for slike turar, enklare med kuppeltelt for 52 åring i MC kler. Praktisk å kunne koke inne sjølv om ein skal vere veldig forsiktig med det i eit lite telt! Urberg G3 er eit billig telt til 1599,-, men veldig praktisk for ein person. Kjekt med 2 innganger slik at ein kan ha veldig god lufting og utsikt om ein vil…

Eg har bestemt meg for å ikkje sette meg dagsmål, eg kjenner meg sjølv så godt at då pusher eg for å klare det og spesielt kroppen må få bestemme kor lange etapper eg tar. 

Aurlandsfjellet 

Eg har kjørt over med bil før, en frista på sykkel. Det var eit flott tur, men ikkje mange pluss grader toppen, herlig å kjenne temperaturen komme opp igjen nedover dalen til 17 grader i Lærdal





Etter Stegastein og Aurlandsfjellet gjekk turen videre over Tindevegen til Turtagrø der det vart ein 2 timars stopp med møte og middag. Eg har ikkje ferie før fredag så dermed vert det fort litt jobb. Slik er meget enklere frå bil, kvar gong nokon ringer så er det stopp, av med hjelm, ørepropper etc, men eg er på tur og kom fort inn i behagelig tempo uten å stressa. Derfor også veldig greit å kjøre åleine sjølv om eg ser at dei fleste kjører samen 2 syklar eller meir.

Kanskje dei trur eg er usosial, men det er jo heilt feil:)

Artig å treffe ein Nederlender med NC750 som vart veldig imponert over veltebøylen min som har desse kvile pegsene som gjer at du kan strekke fram føttene. Brukes mykje når eg har kjørt ei stund, men berre på «enkel veg»…




Klokka vart over 16 før eg kom meg avgårde over Sognefjell, kanskje Norges vakkraste fjellovergang, men i dag var det ein kjølig og trekkfull opplevelse. Med kraftig sidevind merka eg også ulempen med den store vindskjermen, men normalt er den veldig bra å ha på langtur. Til natta er det meldt sludd over Sognefjell og det føltes som full vinterkjøring, iskaldt tross ull under og gode kjørekler…

Etter Sognefjell stoppa eg berre på Dovrefjell Camping rett før Dombås, 4 andre på heile campingen. Heilt ok her, me  mykje støy frå trafikk og tog, men me har jo øyreproppar så sov greit for det…


No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....