Tuesday, July 16, 2024

Nordkapp - Dag 3 (Havøysund-Skjervøy og «heim»)

Den hyggelige trønderen eg traff på RV17 fortalte at han skulle ta Kystruta heim frå Lofoten. Han meinte at prisen var 1/3 av Hurtigruta. Eg har tenkt at begge deler var  spinndyrt og at ein måtte bestille år i forvegen, så feil kan ein ta…

Det var altså klart for ein late-dag ombord på MS Nordlys!

Sidan eg ikkje orka den siste timen i går måtte eg likevel tidlig opp, kl 04 var eg lys våken så kl 05;59 satt eg på sykkelen og hadde god tid til mange stopp utover den flotte kystveien til Havøysund!




Men før eg fortel om dag 3 så litt om dette med å ta deler av strekkene med enten Kystruta eller Hurtigruta;

Etter at eg kom til Sandtorg bestilte Bodø-Trondheim på returen. Saltfjellet og Nordland har eg kjørt mange gonger med bil, vakkert, men da blir alltid ein litt kjedelig transportetappe!

Eg sparer 650 km kjøring på dette og er frisk og pigg til å nyte også siste del av turen når eg kjem til Trondheim.

Eg betaler 3.224 kr, det syns eg ikkje er så ille for 24 timer på «cruise». Ein får jo sett kysten på ein anna måte enn på sykkel også, så dette kompletterer opplevelsen tenker eg…

Eg hadde ikkje tenkt så mykje på å også gjere dette på Nordkapp turen, men medan eg venta på at kua sku slaktast i Olderfjorden sjekka eg muligheten for å ta Kystruta sørover eit stykke, men dei hadde ikkje avgangar som passa. Det hadde derimot Hurtigruta hadde ein 0815 frå Havøysund dagen etter, heilt perfekt! Ikkje var det dyrt heller 1.200,-, der 575 er for sykkelen!

Eg kom til at Skjervøy var best, etter ruta er me der kl 1930 og dermed kan ein fortsatt få kjørt ein del den dagen. Neste stopp hadde vore Tromsø, kl 2345. Men det sparer du berre 1 time kjøring på og det blir midt på natta før du kjem på land.

I motsetning til Havila Kystruta så kan du på Hurtigruta også få opp pris inkl MC på netter her:


Hos Kystruta måtte eg snakke med helpdesk før eg fekk svar på om det var mulig og til kva pris.

Men først stod altså 60 km med svingete kystvei føre meg, flott vei, men det ligg skummel grus i ein del svingar siden det er mykje grus utanfor asfalten og biler som kjører utanfor asfaltkanten drar grus inn i vegbanen, eit fenomen eg opplevde mange stader her nordpå. Ikkje ofte eg har sett det søranfor…



Enda litt magi i Finnmark, men stoppen vart kort, mykje mygg av tyngre kaliber enn me er vant med😳



Superfin veg utover til Havøysund altså, anbefales!




Eg var litt spent på korleis det var å ha med MC på Hurtigruta, men makan til smooth prosess skal du leite etter. Her kjører du inn på lemmen når du får beskjed og du står då i praksis på ein heis som kjøres inn og senkes ned til bildekket og så kjører ein inn på bildekket, der var det veldig god plass og stropper låg klar! Trur eg brukte 5 min frå eg kjørte ombord til eg satt på 7. dekk i ein stressless! Lurt å ha planlagt kva du skal ha med deg for du får ikkje tilgang til sykkelen i tida du er ombord!


Eg trur heller ikkje det gjekk meir enn 10 min frå eg satt meg i stresslessen til eg sovna, merka at det hadde blitt lite søvn i teltet og lange strekk når kroppen først får anledning til å slappe av!


Me har ein fantastisk natur i alle landsdeler, eg har hatt ein ide om at Finnmark ikkje er like spektakulær som Helgeland og Loften/Senja, men eg har endra meining, her oppe er det også fantastisk og dimensjonane blir nesten ufattelige…






Eg sparer 400 km på denne turen og får sett både Havøysund og Skjervøy som eg ellers ikkje hadde hatt tid til! I tillegg fekk eg 2 timar på land i Hammerfest og sett Melkøya og stått saman med pensjonistane på akterdekket og fått energi-kaffi og høyrt om Melkøya på tre språk:) Energi-kaffien va heilt forferdelig, men det var det einaste eg hadde å utsette på denne turen. Trivelig på alle måtar, nesten som eg ser fram til å bli pensjonist😂








Ankomst Skjervøy kl 1945 og eg kjenne at 12 timar på båten har gjort godt for både kropp og sjel. Spist pizza rett før ankomst. Den va forresten heilt grei og kosta berre 219 kr, omtrent det samme som ei Svele og ein kaffi på Halhjem-Sandvikvåg, nok ein fordom har vist seg usann mao.



Det var no 386 km «heim» til Sandtorg, eg hadde tenkt at det måtte til ei overnatting til, men formen var brillefin utover kvelden og kilometerne rant på, til slutt kom eg til at det var nok energi igjen til å stå på heilt fram. 

Kl 0130 parkerte eg utanfor hytta, 5,5 timar etter at eg kom på land i Skjervøy 70 km/t i snitt med stopp altså, den rekorden blir nok ståande i Norge for min del, men av og til kjem ein berre i flytsonen, godt hjulpe av 12 timar på MS Nordlys👍 Natt kjøring er enklare i Nord ppga midnattssol, men ein skal vere våken, det står advarsel om elg og rein nesten over alt utenfor tettbygde strøk, eg såg ingen, men det er ikkje spøk å treff på ein slik rundt neste sving!

Siste bildet er tatt 10 km frå hytta på Tjelsundbrua kl 0120, fantastisk flott med midnattssol!

No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....