Thursday, July 25, 2024

Heimtur - Dag 1 (Trofors)

Eg og fruen utsatte returen sørover når det kom så voldsomt flott ver i nord. Skyfritt og 28 grader 4 dagar på rad er ikkje kvardagskost nokon stad i landet og iallefall ikke på Vestlandet eller i Nord-Norge!

Heldige er me som har ein svigerfar med NB820 som me kan låne! Turen gjekk til Meløyvær og Rollnes, heilt magisk og det er første gong eg har bort nødt til å kjøle meg ned i Nord-Norge og dermed også første gang eg badar sålangt nord!! Friskt tross temp på land!




Men onsdag 24. juli vart kursen satt sørover. Billetten med Kystruta fekk eg kansellert i 7. time når me bestemte oss for å bli lengre og der var igjen avgangar som passa etter nytt skjema! Samtidig hadde eg fått så lang pause at eg ikkje såg svart på å kjøre og slik vart da!

Kl 1200 la eg i veg mot Lødingen og 1300 ferja, denne gongen skulle me IKKJE kjøre fremst så ikkje lett å bli klok på, men kom med og fekk stroppa sykkelen godt fast.

Kl 1400 starta eg på Bognes og formen var brillefin så eg stod på heilt til Fauske (163 km) uten stopp. Dette er som nevnt det eg opplever som kjedelegaste strekket på heile turen!

Sommerburger på Circle K og så satte eg kurs mot Saltfjellet!



Saltfjellet minne meg litt om Dovrefjell, storslått og magisk. Men kjølig var det! Traff ein hyggelig danske på spill ny AfricaTwin, den ser snasen ut og åpenbart bedre til slik tur enn min, men den har gjort nytta fint, ikkje eit feilslag, og eg byrjar å bli vant med litt middels komfort på dårleg vei…



Før Saltfjellet var det kun stopp på YX Saltdalen for å fylle bensin, kjenner eg er litt lei av å måtte rigge ned og opp all bagasje kvar gong eg skal fylle! Så lange strekk eg kjører no så blir der fylling fleire gonger pr dag og då er det kjedlig, sjølv om dei to Kriega baggane (US-20) er raske å ta av og på




Fine vegar, lite trafikk og god dagsform gjorde at det vart eit bra legg første dagen, tross sein start. 535 km vart det før eg stupte inn på Storfors Camping på Trofors litt over kl 2200. 

Hyggeleg kar som kunne vente litt på meg (ringte frå Mosjøen). På denne campingen trur eg tida har stoppa på 60-70 tallet, men eg fekk meg dusj og ein plass å slå opp teltet, inkludert veldig mange mygg!!

No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....