Thursday, November 27, 2025

Sesongen 2025

​Ja, då er første sesong på GS over. Litt over 4000 km rakk eg før eg eit stykke ut i november måtte innsjå at sesongen var over. Ein mild haust gjorde at sykkelen vart brukt relativt mykje seint på hausten.


3. november var det på høg tid for årets service. Skikkelig dritt ver, kl 06 ferga og turen til Sandvikvåg var slitsom med mykje dogg og regn på visiret. Her MÅ eg finne noko antidogbelegg eller spray.


Rein og pen til 20.000 km service, men møkkete til eg var framme hos Ride Bergen. 3 timar seinare bar det heimover. 


Men det vart nokre småturar etter service også, til og med ein jobbtur til Haugesund før det var slutt.

No gjenstår berre ein skikkelig vask før den blir ståande nokre mnd, avskilta.


Det tok tid før eg vart venn med GSen, men med nye dekk vart sykkelen ein heilt anna og no er det berre fryd og gammen. Herlig sykkel!


Mc-bytte var mest for å ha ein mykje bedre sykkel til langkjøring, og ikkje minst dei planlagte, årlege MC turane til Nord-Norge i sommerferiane. 


I tillegg til dette, planla eg nokre helge-turar i Sør-Norge... Ikkje noko av dette vart noko av. Nord-Norge enda med familetur i bil og dei helgene det kunne passa med tur og telt då var det rett og slett ikkje noko fristande ver.


Men sykkelen forsvinn ikkje, samtidig kan jo planar ifht det eg faktisk rakk tyde på at eg er noko naiv i planlegging av alt eg skal få til. No vart det mykje båt i haust med båtbytte og seiltur i Kroatia.


Eg krysse fingrane for at 2026 gir litt meir rom for anna enn dagligdags kjøring


 


No comments:

Post a Comment

Sesongen 2025

​Ja, då er første sesong på GS over. Litt over 4000 km rakk eg før eg eit stykke ut i november måtte innsjå at sesongen var over. Ein mild h...