Sunday, July 12, 2026

Luftetur

Eg kom te hytto tirsdag og no e da søndag og tid for ein liten luftetur. Over Tjeldsundbrua og tiø Tovik, så nokre kilometer innover på grusveg. Heilt uten mål og meining!

Torsdag startar returen, ikkje heilt bestemt ruta, men friste jo litt med deler av Helgelandskysten igjen. Me får sjå kor stor heimlengselen blir:)


Thursday, July 9, 2026

Dag 6 - (460 km) - Slutten på begynnelsen...

​Det var ikkje noko å drøye, berre komme seg til hytto i slikt ver...

Første økt gjekk til Kiruna uten stopp, igjen øspøs og kaldt, men no 10-12 grader.

Langt stopp for å tørke i Kiruna, på Espresso House...


I det eg kom til Abisko, rett før grensa klarna det endelig opp. Tørre vegar sistw 1,5 timen til hytta.

Tok meg tid til ein god stop i Abisko og gjekk for å sjå "canyonen". Ganske flott og verd ein stop. Sørpe grus på parkeringa førte til eit veldig, veldig nært velt på parkeringa. Men når alle superkreftene slo inn berga eg den i siste liten...

Det var godt å parkere ved hytta etter ein tur som vart noko heilt anna enn planlagt. 2064 km, ca 600 km meir enn gjennom Norge.

Litt leasson learn må ein ta seg tid til;

Den store bommen var at eg ikkje hadde tenkt tanken på at det kunne bli så kaldt og så mykje regn. Så å følge bedre med på vermeldibgane undervegs og ha ein plan b og c er lurt. Hadde eg tatt ein god recap på Røros hadde eg sett at eg sku kjørt til Trheim og E6 videre. Eg hadde spart ein da og fått ein øspøs dag og ikkje 3...

Men eg fekk to flotte dagar i Norge og me får krysse fingrane for fint ver heim...

Det blir ikkje Sverige heimover, så mykje kan eg sei. Møkk kjedelige hovedvegar der. Rett fram milavis,  nesten:)

Dag 5 (650 km) Til Jokkmokk i litt bedre drittvær...


​Litt bedre meldingar denne dagen, men fortsatt kaldt, 8 grader ved start og regnet kom raskt etter starten kl 09!

For å vere ærlig så vart det ein ny drittdag, veldig lang drittdag. Kun opphold og over 10 grader i Lycksele der eg åt middag.


Vatn i mobilen vart eit nytt problem og uten navigasjon kjørte eg bra feil, men fekk testa litt på grus pga dette. Men våt grus er noko griseri. I det dei 3 mila med grus var ferdig var det eit ørlite opphald der eg fekk tatt bilder


I JokkMokk orka eg ikkje meir, etter 650 km og ca 10 timer kjøring i stort sett øspøs og under 10 grader var eg passe mør. Men telta ska me...

Vel, 3 sider i boka og eg sovna...

Dag 4 (237 km) Iskaldt og vått...

Eg falt ned på at planen om å kjøre i Sverige, den skulle eg halde, sjølv om eg innsåg at det kom til å bli for våt til å kjøre grus...

Det kunne vel ikkje bli så ille???

Jo, det kunne det så absolutt bli 


Ved ankomst kvelden før var det eit mygg-helvette uten like, heilt stille og med regn i lufta, då veit me av erfaring at absolutt all mygg og knott e ute på tokt... Ny rekord å få opp teltet og ny rekord i antall knot og mygg innanfor mygg nettingen... Etter mykje jobb vart det redusert såpass at eg kunne legge meg...

I løpet av natta kom det vind og enda meir nedbør, einaste fordel var at insektene var borte.

Eg måtte inn for å få på kler så eg fekk starta med regndressen utanpå tørre kler... Det store sjokket var temp på 5 grader, eg tenkte lenge at det måtte vere feil på målaren, men neida. Turen til Østersund vart ekstremt krevande, temp gjekk ned til 4 grader, og i kombinasjon med stiv kuling og konstant regn vart dei 236 km ein stor prøvelse...


Eg hadde bestemt meg for å innvilge ei natt på hotell, det vart minst ein time i dusjen når eg kom fram...

MEN alt vart jo gløymt når Norge slo Brasil, eit under....

Alt vart tatt inn for tørk og det var jo enkelt og greit med hotellfrokost...



Saturday, July 4, 2026

Dag 3 (478 km) Sverige

​Etter ei litt kald natt med av og på søvn, fekk eg sove skikkelig på morgonen og våkna ikkje før 08. Igjen tenkte eg null stress, kokte kaffi og åt frokost. Avgårde først kl 0930.

Strekket herfrå mot Sverige hadde eg ikkje planlagt, kom aldri så langt, men eg fekk ein fin tur. Den kunne nok både blitt kortare og enda finare med meir planlegging. Det som er heilt sikkert er at å myse på ein tlf i solskinn for å få oversikt er heilt håplaust. Småvegane forsvinn med ein gong du zoomar ut...


Når eg kom ned til Røn kjørte eg over til Rogne med kurs for Stølsvegen. På turen over til Rogne skjer det som kan bli eit mareritt. I godt pådrag på smale vegar med tett skog på begge sider spring ein skremt elg over veien. Full nødbrems sikrar ein klaring på 5-10 meter, men det var ein vekkar. Det er ein grunn til at eg kjører rolig, større fart her kunne blitt katastrofe, men garantert er ein uansett ikkje. Dei som trur de kan sjå slikt lett har ikkje opplevd dette. Eg har alltid eit sveipande blikk etter dyr, men eg såg han ikkje, før han hoppa ut i vegen og kryssa på skrå over...

Eg trur eg kjørte litt forskjellige veiar, innover her, men når eg tok ein hof kvil var eg kommen på Svarthamarvegen. Det er når landskapet opnar seg eg syns grusvegane verkeleg er verd det!! Igjen ein storslått utsikt. For eit land me har!!

Herfrå bestemte eg meg for at no måtte det litt asfalt til og la inn raskaste rute til Ringebu. Antakelig kunne eg funne ein mykje kjekkare veg, ned forbi Dokka og Lillehammer var det jevn kø i 60-70-80... Dørgande kjedelig, men alt gløymt når eg igjen kom på småveg.

Friisvegen frå Ringebu til Atna var fantastisk...


Ein god stopp med pizza måtte til i Røros, klokka var 1730 når eg kom fram her. Flott plass med alle desse lett gjenkjenneleg trehusa.

 

Etter pizza vart kursen sett mot Sverige. Eg stoppa eit par plasser for å vurdere freecamping, men fann ut at det var for mykje insekt pga av tett skog. Eg stoppa derfor heller på ein campingplass i Tänndalen... Her var det bra åpent, men eg oppdaga ikkje galskapen i mygghelvette før eg hadde byrja å lasse av sykkelen... Det var rett og slett heilt sinnsjukt.

Teltet kom opp raskare enn nokon gong.  Masse knott fulgte med inn i innerteltet så ein stor jobb å redusere bestanden.

Her ligg eg enda, no er det øspøs og vind så knotten er nok borte, men 8 grader og øspøs... svarten... dette var ikkje det veret som vart meldt før avreise 


Eg innser at noko grusveg i Sverige ikkje kjemt til å skje i dette veret, men eg er ikkje veldig lysten på å kjøre 1300 km i øspøs heller. 

Her eg er no tardet nesten nøyaktig like lang tid i Sverige som i Norge, men det er 200 km lengre, ergo høgare fart. 

Eg ligg å vurderer... masse regn mest i Sverige først så Norge så antakleig best med kort etappe i dag og drøye start i morgon. Kanskje Øresund i dag. Det blir tak over hovudet iallefall. Uansett...

Dag 2 (289 km) Panoramavegen

​Fredagen vart sjølvsagt mykje travlare enn tenkt, div e-postar måtte ut etter møte på morgonen og sjølv om forrige leigetaker hadde vaska bra, vart det full vask og div småfiks før avreise først kl 1230.

MEN no er det ferie så eg bestemte meg for ikkje å la meg stresse opp av at tida gjekk...

Første stopp vart på Espenes, mellom Odda og Ullensvang. Her har Nasjonale Turistvegar laga eit flott rastestopp... Eg høyrt eit foredrag av dei på MC messa på Lillestrøm tidlegare i år og vart inspirert til å stoppa på så mange av dei som mulig. Arkitektur og det å få anlegga til å passe inn i naturen vart det lagt mykje vekt på. Eg trur dei hadde laga til over 200 rastestopp i Norge, nokon har blitt verdenskjente... Statens Vegvesen står sjølvsagt bak Nasjonale Turistvegar.

Eg har stoppa på ein del av dei allerede ph flotte er dei og dei trengs med gode wc fasiliteter.



Neste stopp vart Eidfjord, kun eit par min til å fylle tanken før Hardangervidda. Vekslande ver med regn og opphald.

Nasjonale turistvegar har og hatt ansvar for utviklinga på stoppet ved Vøringsfossen. Her måtte eg og stoppe, sist me var her var det ikkje ein gong rekkverk...

Dette anlegget har blitt fantastisk, du er ein kald fisk om du ikkje kjenner magasuget når du lener deg mot rekkverket her!!


Litt lunch må også til...


Turen gjekk videre over til Geilo, yr.no har lova betre ver på austsida og heldigvis stemte det godt, surt over fjellet, men nedover mot Utstaoset letta det. Litt rask handel på Geilo før min første TET grusveg GSen.

Litt spooky er det på lausgrus i byrjinga,  men litt lett og ledig med låg fart så går det seg til.


Mykje vind gjorde at det var til tider vanskelig å halde seg i sporene ser bilane har kjørt, det å bli pressa opp i maisgrusen i midten var ikkje komfortablet. Ein fordel med mykje vind var lite insekt, men det skulle eg få nok av seinare...

Etter Varaldsetvegen fortsette eg opp frå Vats til Flævassvegen. Heilt ærlig kunne eg starta her og heller kjørt opp i Ål, men det var kanskje min rustne grusveg-kompetanse i kombinasjon med mykje vind som gav den konklusjonen. Eg kjører grus for opplevelsen, ikkje for å sladde rundt så grusen sprutar..:) Flævassvegen var mykje enklare å kjøre på og naturopplevelsen også mykje større syns eg!


Her vart det som å komme midt opp på vidda, verkeleg storslått!!

Eg satte så kursen mot Hemsedal og videre opp til Panoramavegen der planen var å finne eit plass å telte...

Hemsedal by summer... 


Ikkje vanskeleg å finne ein plass å telte for natta, herlig vind gjorde at det knapt var insekt...

Men dette var på 1020 moh, natta vart kaldare enn eg hadde venta, så ullkleda og vintersoveposen kom godt med. Telte mitt er perfekt som sykkeltelt, men tåler dårlig vind. Håplaust å sette opp også åleine i mykje vind, men alt går sjølvsagt med litt tolmodighet.

Vel rigga var det klart for ein god gammal Real turmat eg fann heime, gått ut på dato i 2023🤣 Men magen vart både mett og god...


Dag 9: Solfonn

​Me leiger ut vår leilighet på Solfonn, Skare overfor Odda. Leigetakere vaskar sjølv og det betyr at ein må ha tilsyn av og til. Eg var inno...