Me leiger ut vår leilighet på Solfonn, Skare overfor Odda. Leigetakere vaskar sjølv og det betyr at ein må ha tilsyn av og til. Eg var innom på veg nordover og heldigvis var det ein dag ledig akkurat når det passa å kjøre innom på returen. Litt omveg er det, men sparte 3 timar ifht å kjøre heim og ta bilen opp...

Ein kan ikkje vente høg temperatur når ein teltar over tregrensa, men eg har uansett også blitt vant med einsifra temperaturar på denne turen. Heldigvis frys eg svært sjeldan så ikkje noko problem.



Det var vakkert nedover mot hovudvegen på sørsia av Strynefjellsvegen. For eit land me har, det må eg berre sei...



Etter Strynefjellveg, var neste plan Gaularfjellet og det skuffa på ingen måte. Herlig ver med perfekt temperaturnfor ein MC kledd varmblodsførar som meg.
Dette vart den finaste dagen på heile turen.


Etter ferja frå Balestrand måtte eg sjølvsagt stoppe å sjå om vår gamle Nb820 som gjekk til Vik i Sogn fortsatt låg der og det gjorde han! Solgt i 2020




Etter ein time intens fiks av vindu og vask ville eg heim og komme meg i båten på søndagen. Dessverre såg eg at dette var siste dag med skikkeleg sommarver på Vestland dei neste 10 dagane. Pokker til uflaks altså


Kl 2130 var eg heime og mc turen var over, 4237 km over 9 dagar.
Ein fin tur som vart prega av veldig dårlig ver nordover, men sånn er Norge og tydeligvis Sverige og!
At det blir ny tur er ingen tvil om, med denne sykkelen er ein også mykje bedre skodd. Det er heilt utrulig god komfort, på dårlegare fylkesvegar feks var det åpenbart at bilar ikkje har i nærheten av samme komfort











