Endelig var vèret perfekt så motovasjonen for å ta fatt på Kystriksveien RV17 langs Helgelandskysten var på topp.
Ferdig pakka kl 0700 for å rekke første ferge kl 0740 på Holm fergekai! Kystriksveien består av heile 6 ferger så mykje av dagen gjekk med til ferger, men ein får då ekstra god tid til å nyte naturen frå fergedekket og samtidig få nødvendig kvile for kroppen!
Liten tid til neste ferge fra Horn-Andalsvåg (Brønnøysund) så her vart det kun tid til ein stopp for å leite etter kredittkortet som låg innerst i innerteltet:) Eg hadde tenkt meg nerom gjestehavna i Brønnøysund der me låg med seilbåten i 2018, men ferga videre går så sjelden at eg ofra det for å rekke 0940 ferga videre!
Mange tar nok turen nerom Torghatten og hadde eg komme tidlegare fredagen så hadde eg campa på Torghatten camping og gått opp i hatten før eg for videre, men eg har vore der og prioriterte derfor ikkje det denne gongen.
Strekke mellom Andalsvåg og Forvika tar kun kort tid og har ikkje SÅ mykje å by på som resten av turen sjølv om det er vakkert over alt!
Som nevnt vart me ein gjeng som treftes på kvar ferge heile dagen, kjekke folk frå Østerrike, Italia, Tyskland samt ein veldig hyggelig trønder med GS750 slik sykkel eg hadde tenkt å kjøpe og som nok har ei vesentlig betre demping enn min og dermed vil eg sei at den nok også er betre egna på ein slik tur, men det er ein vesentlig dyrere sykkel som bruker 0,1 liter meir pr mil også. NCen klarte seg fint, men du kjenner nok den middels vegkvaliteten meir på ein NC enn ein ekte Adventurebike.
Eg brukte mykje mitt eget kjøreprogram, uten last syns eg Standard fungere greit til daglig, men syns den går tungt på ein slik tur så valgte bort Standard i stor grad… Sport brukte eg ikkje, mitt eget program er midt mellom desse og fungerer fint og den godtar lettare som du lettere overstyring med + og - i dette programmet, enn i Standard.
Lett å tenke at det hadde frista med ein AfrikaTwin eller ein GS, men så ser ein at damen fra Tyskland kjørte ein Suzuki fra 70-tallet så ja, det set ting litt i perspektiv. Eg har ikkje vore på finn.no og kikka på større sykkel, kors på halsen😂. Uansett, det blir ikkje bytte…
Vel, tilbake til turen og ein litt rart observasjon, i det me skulle på land på Tjøtta før Sandnessjøen ser eg at neste ferge har ein pause mellom 11 og 15!! 4 timar uten ferge, midt på dagen…
Eg tok meg derfor god tid og stoppa på Alstahaug og Petter Dass museumet, me har vore her både med bil i 2014 og seilbåten i 2018, men det er så flott at det var verd enda ein tur og med tannverken under kontroll (trudde eg) var det tid for den første småisen på turen!
Eg kom likevel lenge før ferga gjekk, men dei andre hadde alle kjørt til ferga og tenkt at det kunne ikkje bli SÅ lenge å vente, men det vart det altså, Veland fergekai har ellers ingenting å by på så Itailenerne kjørte tilbake til Sandnessjøen og fekk seg mat!!
Eg fekk nesten 2 timar sjølv, men brukte tida til litt mat, prat med mine nye venner og ikkje minst, nokre kapittel i boka av Pascal Engman, Ildlandet! Veldig god bok!
Korrespondering mellom fergene virkar ikkje å ha hatt høg prioritet ved rutelegging. Frå Nesna til Kilboghavn vist min GPS -5 min på å rekke 1715 ferga, neste gjekk ikkje før 1915! Det vart derfor lagt i veg i godt tempo og ingen stopp for å rekke det! No vart det 10 min i pluss til slutt, men bra dumt at det legges opp slikt!
Eit anna problem var at eg vart så oppslukt av å rekke ferga at eg ikkje oppdaga at eg var på reservetanken! Eg hadde ikkje fult sidan Snåsa…
På Kilbogham vart det fort klart eg måtte klare dei neste 28 km til den siste ferga på det eg hadde igjen…
Det vart nervepirrende 28 km i rain mode til Ågskardet-Forøy og siste av dei 6 fergene den dagen! Igjen dårlig korrespondanse så det var godt over ein time å vente før ferga gjekk, men da fekk eg laga meg middag på primusen så var det gjort før camping…
Over på andre sida valgte eg å gi meg for dagen, kun Trønderen hang med av alle som hadde tatt fergene saman! Me takk for følge der me begge fylte opp syklane. Eg fylte 13,6 liter på min 14 liters tank, puh! Lesson learned, fyll når ein har tid og ikkje når det er nesten tomt…
Eg kjørte tilbake 1 km til Forøy Camping, her kunne eg ligge å sjå på ferga eg nettopp hadde tatt, klart finaste campingen på denne turen og herlig utsikt!
Etter at telta vart satt opp fann eg meg eit svaberg og leste litt i boka, tilbake i telte sovna eg på 5 min og bråvåkna kl 06 når første mc fyrte opp og forlot.
No comments:
Post a Comment