Saturday, October 26, 2024

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200.


Planen er å kjøre til hytta i Nord-Norge med denne meir eller mindre kvar sommar. Forhåpentligvis vert det også tid til litt helgeturer, før og etter ferien... Men ein kan jo lure på korleis ein skal få tid, det skal jo seilast regatta og turbåten skal brukast:)

Eg vart iallefall heilt bitt av basillen i sommar, eg har alltid likt lange turar i bil og telting/camping liv. Det syns eg er digg og ei fin avkobling frå kvardagens rutiner. Med sykkel blir dette berre ei mykje større oppleving enn med bil. Det er nesten som motorbåt versus seilbåt, opplevelsen underveis blir så mykje meir intens. I tillegg kan du kjøre på plasser der bilar ikkje er så egna… Desse TET løypene er interessante, men også litt skremmande, men etter å ha kjørt Jotunheimvegen og Grimsdalsvegen i sommar så innser eg at det krever ikkje anna enn litt sunn fornuft. Om eg vågar meg på noko meir teiknisk med dette beiste får me sjå.

Kvifor NCen blir bytta så fort er mest fordi det no måtte til ein god del oppgraderingen, den manglar varme i holkar, kroppen krevde både eit komfortsete og cruisecontroll pga langvarige problem med armen og halebeinet, etter NN turen. Eg kom derfor til eit veiskille, fornuft eller følelser?

Eg måtte ned på «du lever berre ein gong» for å rettferdiggjere oppgraderinga. Ikkje berre kostar GSen det dobbelte, som 6 år gml, er den også utanfor garanti og sjølv utan feil er det ein mykje dyrare sykkel å vedlikeholde. MEN det er også verdens beste Adventure sykkel, legendarisk. Den passar også perfekt for mine behov der avslappa kjøring med solid motor på låge turtall med komfort og fjæringskomfort som hovedingrediens. Når denne har alt av det eg saknar på NCen (og mykje meir) vart det i mitt hovudet ganske fornuftig kontra nyare eller ny Adventure.

Eg har ikkje fått sykkelen enda og aldri prøvd ein slik heller så dette blir spanande. Eg var veldig innstilt på ein Triumph Tiger 900 eller ein GSA850, men eg lot meg overbevise av at nesten alle eg spurte om råd anbefalt heller GS1200/1250. Boxermotor med lavt tyngdepunkt og ein veldig balanser sykkel høyres lovande ut. Tross mykje elektronikk verkar det som at det er driftssikre syklar utan for mykje problem.

Kanskje skulle eg gått opp på ein 1250, min er siste året den var 1200, men den er dermed også meir lik 1250 enn dei eldre, den har 2. generasjon ESA og ikkje minst TFT displayet som gjer den moderne ifht alle andre 1200.

For meg vil ikkje den enda sterkere motoren ha noko særlig verdi, dette er heilt sikkert meir enn nok og utover større motor virkar det, til tross stadige forbetringar, ikkje som eg går glipp av altfor store ting med 1200 versus 1250.

Sykkelen kjøpes av forhandlar og prisen er litt over halvparten av ein heilt ny 1250 Adventure. Den har jo då garanti og service inkludert, men dobbel pris er mykje penger, og eg trur vanlig GS passar meg betre enn GSA…

Pre for min sykkel er at den har gårt veldig kort til GS å vere, berre 16.000 km. Strøken, aldri skada, ein eigar, alle servicer etc. eg har derfor håp om at det blir ein problemfri sykkel. Eg syns også at fargekombinasjonen her er den flotteste av alle, mylje finare enn i heilsvart, men det er ein smakssak. Denne har alt av utstyr og også Stylepakke og dermed identisk utsjånad som ein Ralley utgåve!

MEN eg trur eg kjem til å sakne DCT systemet på NCen og oppbevaringsrommet der tanken er på andre syklar. No er det bra at GSen har sidevesker så plass problem blir det neppe, kanskje det må til ei tankveske…

No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....