Monday, July 15, 2024

Nordkapp - Dag 2 (Nordkapp og nesten Havøysund)

Skibotn Camping kl 06:5


Ein heilt fantastisk dag, som også vert den lengste for meg på MC nokon gong. Min forrige rekord, siste strekk på 510 km opp til Kystriksveien var langt, men i dag er planen 702 km!

Skibotn-Nordkapp er 495 km og så er det 207 km tilbake frå Nordkapp til Havøysund som er målet for kvelden. Men det er ingen campingplass på strekket mot Havøysund så det blir free camping der det passar! 

Eg kunne med fordel hatt ein dag og to til på denne turen, men det visste eg før eg starta. Litt impuls heile turen når været vart så fantastisk! Men eg har juksa litt på returen, meir om det i dag 3

Herlige vegar med mykje 90 km/t sonar gjorde at første strekket mot Alta virkar effektivt!


Første stopp kl 0815 i Sørkjosen for litt frokost, det er for tidlig med anna enn kaffi kl 0530!!

Andre stopp før Alta var ved openbaringa når eg kom ut av den heilt nye tunellen før Sørstraumen, her var kun skiltene for rasteplass satt opp, rasteplassen mangla😅 Vanvittig flott utsikt, men også vanvittig med klegg så stoppe vart både hektisk og kort, bildekvaliteten viser hastverket!! Mest grus på det første bildet ja…


Videre vart det ein kort stopp langs Langfjordbotn før Alta, Langfjordbotn vil eg sei er meget treffande😉

Alta:
Kva har dei i Alta, eg spurte ein lokal og foruten Kokkejævel? Not so much så det vart is og brus der før ferden gjekk videre (imponerande at dei hadde ope). Meget stille i Alta før lunch ein søndag…




Men du e ikkje next to Nordkapp i Alta! Det er 3,5 timar igjen, først skal du over Sennalandet og her vart eg tatt på senga, heilt magisk storslått og enormt varmt. Tross god snittfart over her så rant svetten

Vanskelig å få tatt bilder som rettferdiggjør slike enorme områder, men eg har prøvd:)



Den følelsen når du endelig kjem til ein rasteplass med WC… og så e WC’ane ute av drift….


Eksotisk med rein i veibanen, der vart mange stopp utover mot Nordkapp pga rein som gjekk rundt i vegbanen uten å ense bilar, litt redd motorsykkel som gav på merka eg!

Langt om lenge kom eg til E69 og resten av turen mot Nordkapp, Olderfjordburger i ja nettopp Olderfjorden var nødvendig, men også ein tabbe, kven kunne vite at kua ikkje var slakta når bestillingen gjekk inn, lite folk var det også når eg kom, men den var jysla god når den endeleg kom på bordet!

E69 slynger seg langs kysten utover, men du er også oppå fjellet nokon stader. Burgeren ødla nok for været utover skifta rett før eg kom ut, det vart mykje vind (ganske utfordrande plass å kjøre i mykje vind, spes langs fjorden, der var vinden veldig ustabil, enklare på fjellovergangene med jevnt mykje vind enn sånne voldsomme rosser som var langs kysten. Spesiell opplevelse når du «lenar» deg kraftig mot vinden som kjem frå høyre og du ska inn i skarp og smal venstre sving med ein møtande bobil som også slit litt med vinden, men da har jo ein tendens til å gå bra, men konsentrasjonen måtte vere 100% nokre stadar utover!!

Det var lite sikt på platået, skuffande når det ellers hadde vore så flott. Eg snakka med ein som hadde vore der natta før og opplevd midtnattsol i stille ver, vel. Trøsten er at eg fekk oppleve vèret slik det egentlig er der ute😊










Det viktigste med Nordkapp var turen opp der, så ingen krise at vèret skifta akkurat før eg kom heilt fram!

Til tross for at det va iskaldt betalte eg av prinsipp ikkje 330 kroner for å komme inn og kjøpe ein vaffel og kaffi til blodpris, litt også fordi eg kjende eg var sliten OG det fortsatt var langt igjen enda, men mest av prinsipp…:)

Som vanleg var eg på reservetanken og håpet var at det var bensin å få i Honningsvåg, ellers hadde eg slitt bigtime! Men da va sjølvsagt bensin der og god is og Rema open ein søndag sein ettermiddag 


Etter mat, is og bensin i Honningsvåg var det tilbake nesten heile E69 før eg svinga av mot Havøysund, vinden hadde løya og det vart ein fin tur tilbake, men kroppen var meir enn lei og eg stoppa til slutt 60 km før Havøysund, betre å ta siste rest dagen etter for i Havøysund venta tur med Hurtigruta MS Nordlys kl 0815!


Flott plass, distansen vart 642 km og ikkje 702, men da e ikkje noko mål for meg å kjøre lengst mulig, egentlig er alt over 500 km for langt for ein dag.

Sov godt når eg fekk opp teltet i mygg-helvette😂


Eg reagerer på myggstikk og får store kular, så tross dynking i myggmiddel fekk minst to stk inn fulltreffer i topplokket. Sett forfra minna hovudet mest om «cone-heads» for dei som hugsar dei😂

No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....