Saturday, August 8, 2026

Dag 9: Solfonn

​Me leiger ut vår leilighet på Solfonn, Skare overfor Odda. Leigetakere vaskar sjølv og det betyr at ein må ha tilsyn av og til. Eg var innom på veg nordover og heldigvis var det ein dag ledig akkurat når det passa å kjøre innom på returen. Litt omveg er det, men sparte 3 timar ifht å kjøre heim og ta bilen opp...

Ein kan ikkje vente høg temperatur når ein teltar over tregrensa, men eg har uansett også blitt vant med einsifra temperaturar på denne turen. Heldigvis frys eg svært sjeldan så ikkje noko problem.


Det var vakkert nedover mot hovudvegen på sørsia av Strynefjellsvegen. For eit land me har, det må eg berre sei...

Etter Strynefjellveg, var neste plan Gaularfjellet og det skuffa på ingen måte. Herlig ver med perfekt temperaturnfor ein MC kledd varmblodsførar som meg.

Dette vart den finaste dagen på heile turen.

Etter ferja frå Balestrand måtte eg sjølvsagt stoppe å sjå om vår gamle Nb820 som gjekk til Vik i Sogn fortsatt låg der og det gjorde han! Solgt i 2020

Etter ein time intens fiks av vindu og vask ville eg heim og komme meg i båten på søndagen. Dessverre såg eg at dette var siste dag med skikkeleg sommarver på Vestland dei neste 10 dagane. Pokker til uflaks altså



Kl 2130 var eg heime og mc turen var over, 4237 km over 9 dagar.

Ein fin tur som vart prega av veldig dårlig ver nordover, men sånn er Norge og tydeligvis Sverige og!

At det blir ny tur er ingen tvil om, med denne sykkelen er ein også mykje bedre skodd. Det er heilt utrulig god komfort, på dårlegare fylkesvegar feks var det åpenbart at bilar ikkje har i nærheten av samme komfort



Dag 8: Gamle Strynefjell (722 km)

​Eg sov godt langs E6, men våkna tidleg. Pakka og avgårde rundt 0730! 

Dette første strekket var ganske likt som i 2024 då eg telta i Trofors og kjørte til Mc Donalds i Steinkjer. Forskjellen er at det er natt og dag i forskjell på komfort mellom Honda Nc750 og 1200GS. Det er og natt og dag forskjell i pris, men eg bestemte med på turen i 2024 for at eg sku ha ein GS. Då tenkte eg på GS750, men vart overbevist om at 1200 var verd det. 99% enig med han som gav råd, det einaste som er ei utfordring er at den kan bli høg i enkelte situasjonar. Me regndress og full oppakning er ikkje det alltid heilt lett, men til småkjøring går det lett, men feks ved litt off-road for å campe så kan det veldig fort bli krevande. Det er delvis e treningssak!

Vel, sykkelen kjem eg til å behalde lenge. Har tenkt på 1300, men kvifor doble investeringa når det faktisk berre er småting ein saknar.

237 km til Mc Donalds i Steinkjer. Flotte vegar, kun ein stopp for bensinfylling og enda ein sjekk av dekket. No oppdaga eg kor mykje bulk det var i dekket. Med sykkel på midtstøtta så var det berre å snurre dekket så var det lett synleg.

Ringte BMW forhandler i Trheim, men sjølvsagt umulig å få time til bytte av dekk. Han beroliga meg med at det ikkje var farlig å kjøre med, forutsatt at det ikkje var lause boltar eller slark. Det var det jo ikkje, allerede sjekka dagen før og sjekka på nytt no!



Vel, det vart ein lang dag igjen, men godt kjørever. Litt småstopp vart det, Støren for CircleK bollar og is, gløymt kaffikoppen i Teslaen i NordNorge, så Dovrefjell der var det fram med primus og ein 45 minutters stopp. Kald vind, men likevel. Dovre er storslått! Interessant historie om Kongevegen.

Etter Dovre kjørte eg til Lom i ett strekk. Då var eg sleten når eg stoppa i Lom. Der handla eg og satte kursen direkte mot dagens mål, Gamle Strynefjell veg.

Smal og fin grusveg som er godt kjørbar med bil, men det blir nok ein del rygging for her er det ikkje plass til meir enn ein om gangen. 

Storslått natur, men du er ikkje åleine om å telte der, uansett. Flott opplevelse. 


Dag 7: Sørover (650 km)

​Etter 10 dagar i Nord-Norge var tida kommen for retur og siste 2 veker i båten. 

Me har ofte hatt bedre ver i Nord-Norge enn på Vestlandet i Juli, men i år vart det rett og slett ikkje sommar i Nord. Sånn er det, med forpliktelsar kan ein ikkje berre kjøre der veret er bra, så medan Vestlandet hadde draumever hadde me 10 grader og mykje vind...

Torsdagen returen starta vart kanskje den verste dagen av alle. Det var meldt 10 grader og opptil 22 ms. Eg kjørte tidlig for å ikkje få den verste vinden, men det vart likevel svært ubehagelig vind dei 4 milene ned til ferga frå Lødingen.


Etter eit nesten velt i eit vindkast i køen på fergeleie var det deilig å få stroppa fast sykkelen og satt seg ned med ein sur kaffi til kr 47 kroner. Kvifor skulle det vere noko bedre i nord enn vest når det kjem til fergekaffi😅

Vel, eg visste at eg kjørte mot bedre ver så ingen sure miner, berre godt å ha komme i gang.

Rundstykker med kvitost og kaviar, samt kaffi. Typisk pausemat på tur...

Allerede ved ilandkjøring på Bognes var vinden nede i bris og det var tørt og fint, litt kastevind, men ingenting ifht starten på dagen. Eg var utkvilt og motivert så eg kjørte non-stop til Fauske, 163 km. 

I Fauske var det utrulig nok 17 grader, vindstille og skyfritt. Nesten ikkje til å tru.

Køen på CircleK for ein burger var for lang så eg tok eit nødvendig æren og hoppa på sykkelen. Neste stopp Polarsenteret. 

På dette strekke var det første gang eg konkluderte med at det er noko feil med sykkelen, vibrasjonen eg hadde fundert på om var normal eller ikkje hadde blitt eit hakk verre. Det er vanskelig med slikt når det gradvis utviklar seg og veiane er jo ikkje perfekte så det kan vere vanskeleg å skille det eine frå det andre...

Men eg stoppa og sjekka at alt av boltar var stramme og at det ikke var slark nokon veg, dermed kunne det ikkje vere noko overhengande fare 


Dagen vart lang, eg tok ein stikktur til Herøy utanfor Sandnessjøen for å sjå på ein nyare versjon av den båten me har. Veldig hyggelig selgar og kjekt å ha fått sett løysingane i denne. 

Målet var Vega for kvelden, men dårlig research gjorde at eg ikkje hadde oppdaga at den dagen gjekk ikkje kveldsferga. Me får ha Vega som mål eit anna år. Det var og surt og kaldt ved kysten så eg gav f i Helgelandskysten og kjørte tilbake på E6. Utover kvelden stoppa eg på ein rasteplass og kjende at eg var meir sliten enn eg hadde trudd når eg satte meg ned. Dermed slo eg like godt opp telte der, mange andre hadde gjort det samme, til tross for skilt om at det ikkje var lov, litt rebell kan ein vel tillate seg å vere😅


Sunday, July 12, 2026

Luftetur

Eg kom te hytto tirsdag og no e da søndag og tid for ein liten luftetur. Over Tjeldsundbrua og tiø Tovik, så nokre kilometer innover på grusveg. Heilt uten mål og meining!

Torsdag startar returen, ikkje heilt bestemt ruta, men friste jo litt med deler av Helgelandskysten igjen. Me får sjå kor stor heimlengselen blir:)


Thursday, July 9, 2026

Dag 6 - (460 km) - Slutten på begynnelsen...

​Det var ikkje noko å drøye, berre komme seg til hytto i slikt ver...

Første økt gjekk til Kiruna uten stopp, igjen øspøs og kaldt, men no 10-12 grader.

Langt stopp for å tørke i Kiruna, på Espresso House...


I det eg kom til Abisko, rett før grensa klarna det endelig opp. Tørre vegar sistw 1,5 timen til hytta.

Tok meg tid til ein god stop i Abisko og gjekk for å sjå "canyonen". Ganske flott og verd ein stop. Sørpe grus på parkeringa førte til eit veldig, veldig nært velt på parkeringa. Men når alle superkreftene slo inn berga eg den i siste liten...

Det var godt å parkere ved hytta etter ein tur som vart noko heilt anna enn planlagt. 2064 km, ca 600 km meir enn gjennom Norge.

Litt leasson learn må ein ta seg tid til;

Den store bommen var at eg ikkje hadde tenkt tanken på at det kunne bli så kaldt og så mykje regn. Så å følge bedre med på vermeldibgane undervegs og ha ein plan b og c er lurt. Hadde eg tatt ein god recap på Røros hadde eg sett at eg sku kjørt til Trheim og E6 videre. Eg hadde spart ein da og fått ein øspøs dag og ikkje 3...

Men eg fekk to flotte dagar i Norge og me får krysse fingrane for fint ver heim...

Det blir ikkje Sverige heimover, så mykje kan eg sei. Møkk kjedelige hovedvegar der. Rett fram milavis,  nesten:)

Dag 5 (650 km) Til Jokkmokk i litt bedre drittvær...


​Litt bedre meldingar denne dagen, men fortsatt kaldt, 8 grader ved start og regnet kom raskt etter starten kl 09!

For å vere ærlig så vart det ein ny drittdag, veldig lang drittdag. Kun opphold og over 10 grader i Lycksele der eg åt middag.


Vatn i mobilen vart eit nytt problem og uten navigasjon kjørte eg bra feil, men fekk testa litt på grus pga dette. Men våt grus er noko griseri. I det dei 3 mila med grus var ferdig var det eit ørlite opphald der eg fekk tatt bilder


I JokkMokk orka eg ikkje meir, etter 650 km og ca 10 timer kjøring i stort sett øspøs og under 10 grader var eg passe mør. Men telta ska me...

Vel, 3 sider i boka og eg sovna...

Dag 4 (237 km) Iskaldt og vått...

Eg falt ned på at planen om å kjøre i Sverige, den skulle eg halde, sjølv om eg innsåg at det kom til å bli for våt til å kjøre grus...

Det kunne vel ikkje bli så ille???

Jo, det kunne det så absolutt bli 


Ved ankomst kvelden før var det eit mygg-helvette uten like, heilt stille og med regn i lufta, då veit me av erfaring at absolutt all mygg og knott e ute på tokt... Ny rekord å få opp teltet og ny rekord i antall knot og mygg innanfor mygg nettingen... Etter mykje jobb vart det redusert såpass at eg kunne legge meg...

I løpet av natta kom det vind og enda meir nedbør, einaste fordel var at insektene var borte.

Eg måtte inn for å få på kler så eg fekk starta med regndressen utanpå tørre kler... Det store sjokket var temp på 5 grader, eg tenkte lenge at det måtte vere feil på målaren, men neida. Turen til Østersund vart ekstremt krevande, temp gjekk ned til 4 grader, og i kombinasjon med stiv kuling og konstant regn vart dei 236 km ein stor prøvelse...


Eg hadde bestemt meg for å innvilge ei natt på hotell, det vart minst ein time i dusjen når eg kom fram...

MEN alt vart jo gløymt når Norge slo Brasil, eit under....

Alt vart tatt inn for tørk og det var jo enkelt og greit med hotellfrokost...



Dag 9: Solfonn

​Me leiger ut vår leilighet på Solfonn, Skare overfor Odda. Leigetakere vaskar sjølv og det betyr at ein må ha tilsyn av og til. Eg var inno...