Monday, July 8, 2024

Nord-Norge - Dag 3 (Start RV17)

Fredagen våkna eg av at det pøsregna og tromma på teltduken. Det var jo ikkje heilt slik eg hadde drømt om at turen skulle bli, men me bur i Norge så spesielt overraskande var det jo ikkje.

Regnet er også årsaken til at eg ikkje kjørte meir i Sør-Norge før Dombås slik opprinneleg plan var. No ser det bedre ut Nordover så eg snudd ruta og håpar på godt ver sørover og dermed kjøre dei spennande grusvegane på returen!


Første dag der regndressen må på, den er ikkje heilt enkle å få på, men sitt fint når den endelig er på. Merkar også at den varmer godt pga at mindre vind kjem til kroppen, perfekt i dag for det er både øspøs og kaldt! Skikkelig kaldt på høgfjellet.

No stod først Dovrefjell for tur, men pga litt møtevirksomhet på jobb kom eg ikkje avgårde før kl 10.00. Eg har alltid blitt fasinert over Dovrefjell, veldig flott og storslagent med dei store viddene


Opplett på nordsida av Dovrefjell så dermed var det berre nytte høve med litt tidleg lunch!

Videre gjekk turen til Berkåk, men der vart det eit langt stopp. Lyn og torden og øspøs, tok meg god tid, men det vart ikkje betre så det var berre å sale på og kjøre videre…


Nedover mot Trondheim vart det ikkje noko betre og i det eg var komme inn på fleirfelts vegen byrja det å hagle intenst og skepsisen kom med tjukt lag med hagl i vegbanen, men ein kan ikkje berre stoppe på slik veg så eg kom til at det tryggaste var å sitte stille i båten, heldigvis gjekk vegen rett fram. Etter eit par km var vegen fri for hagl igjen og pulsen kom tilbake til hvilepuls!

Vèret vart bra og eg stod på heilt til Steinkjer uten stopp, 2,5 time uten stopp er lenge for min kropp på denne sykkelen, men det gjekk greit. McDobalds stopp i Steinkjer, velfortjent syns eg…


Kursen videre gjekk forbi Snåsa og ut mot starten på RV17 som iflg Nasjonale turistvegar, startar ved Holm fergeleie 1 time sør for Brønnøysund!

Det vart ein lang dag og etter 510 km stoppa eg på ein tilfeldig camping 2 mil før Holm.






No comments:

Post a Comment

Bmw Gs1200 - 2018 modell…

Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....