Kl 0730 satte eg på sykkelen og med dei flotte vegane i dette områder vart det ein effektive start. Under 3 timar seinare var er i Steinkjer og hadde allerede lagt bak meg 225 km!
Der vart det MC Donalds med eksakt samme meny som på tur opp😂
Etter Steinkjer og stopp på over 1 time tenkte eg at eg var klar for ei ny langøkt, men den gang ei. No var eg rett og slett trøtt, kanskje urettferdig å sei at Hamarøya mellom Fauske og Bognes er kjedeligste strekk for Steinkjer-Trondheim er jo også ganske trøttande.
Tross mange stopp kom eg ikkje i flytsonen igjen før eg svinga av mot Folldal på Hjerkin (Dovrefjell). Turen opp der føltes veldig lang…
Planen var å kjøre Rondane ned til Venabygdsfjellet, men når eg såg skiltet til Grimsdalen så vart det for fristande, og eg angra ikkje. Sjå denne naturen:
No var formen og flytsonen tilbake så etter Grimsdalen plotta eg inn Beitostølen via Jotunheimsvegen. Eg såg det kom til å bli seint og ja, det var litt over the top å ta denne også samme dag, hadde det ikkje vore for regnveret som kjem i morgon hadde eg stoppa før!
I motsetningen til Grimsdalen vart det meir utfordrande å kjør Jotunheimsvegen, mykje meir rullegrus og i tillegg fekk eg veldig lav sol midt i trynet i starten, men ein ser av bildene at der var verd det👍
Mange kuer som ein ikkje må skremme, då kan dei ødlegge seg sjølv så her må ein heilt ned i fart av og til stoppe motoren til og med!
Men det var også mykje rein og reinkalver, vakkert syn!
Eg hadde bestemt at eg maksimalt skulle kjøre til Beitostølen, så eg var veldig glad når eg såg at campingen ser var ope tross for at klokka var over 22!
Men her er det FjellRock forklarte betjeningen, vil du fortsatt overnatte her??? Mao ingen mulighet for søvn her før k 01, forklart dei, men, men. Berre å legge seg på Temu liggeunderlaget var himmelsk etter 15 timar og 760 km!! Uansett var det bra musikk med blandt anna Sondre Justad var på scenen når eg kom👍
Når alt kom til alt, eg sovna som ein dupp sjølv med FjellRock i bakgrunnen…
No comments:
Post a Comment