Dekkene på sykkelen hadde godt mønster, men var blitt kantete så eg kjøpte nye på tilbud hos MCOslo for lenge sidan.
Litt seint med bestilling av bytte gjorde at eg måtte levere inn hjulene skulle eg få det gjort før ferien. Eit bra tidspunkt å lære litt mekking på sykkelen mao.
Eg tok først av bakdekket, leverte det inn på onsdag, det er ikkje lett å ta av begge samtidig, i alle fall syns eg det vart riskikofylt. Onsdag kveld vart det 325 km til Seljestad tur-retur med nytt bakdekk og gammalt framdekk. Nesten heilt ny sykkel, mykje meir svingvillig, eg hadde ikkje trudd det skulle bli så stor forskjell.
Torsdag morgon skrudde eg av framdekket og fekk det lagt om også, laurdag var det tid for rens av alle kaliptere samt bytte av bremseklosser bak. Greit å få dette gjort, alle stempel virkar fine.
Dette er ein lett jobb og går fint så lenge ein er nøye og ikkje gjer dumme ting som å bruke feil moment og/eller gløymer splintra som held ting på plass. Det har vore saker der bolten som held klossabe bak har falle ut og låst bakdekket. Det er full krise sjølvsagt.
Alt klart til prøvetur lørdag kveld, men dessverre merka eg med ein gong at med nytt framdekk hadde det sneke seg inn ein liten ubalanse. Ikkje voldsomt, men nok til at den gode smoode følelse fra ture til Seljestad no var borte. Trippelsjekka at eg hadde gjort alt riktig.
Det er mulig å kjøre med den slik, men det er ikkje kjekt. Kjørte eit par mil før eg snudde og kjørte heim igjen.
Eg tok ta av framhjulet igjen, då må begge kaliptere av, uten dei rullar hjulet veldig lett og dermed lett å måle opp hjulet er i balanse på opp og ned og sideveis. Hjulet har fleire millimeter avvik på opp og ned samt litt sideveis, det må vere montering sidan det var bra med det gamle dekket så no er det tilbake til Motorsyklisten på mandag så får me sjå.
Det kan vere feil i dekk, det har eg opplevd på heilt nye 2 bilar før, men dette burde dei sett på avbalanseringa, men me får sjå no, Det må fiksast om det så må nytt dekk på, eg er svært nøye på slikt…
No comments:
Post a Comment