Det har blitt lite tid til anna en kjøring til og frå jobb, men på ettermiddagen 1. mai bøy det seg ein mulighet. Eg skulle egentlig teste gruskjøring i Matre-fjellene, men eg rakk ikkje ferga og gadd ikkje vente ein time så dermed vart det heller E39/E134 til Isvik og så via Bjoa til Ølen og videre derfra til Skånvik og ferge til Utåker og Ranavik og heim. Ca 200 km var greit å få prøve ifht planlagt langtur.
Eg syns sykkelen har eit godt sete og ein god sittestilling, men utrent som eg er på lengre turar så er 1 time nok før det må til ein pause. Komfortsete har nokon kjøpt, men det er for dyrt så me får ta pause ofte evt teste med billigere gel-seter som ein har på sykkel…
Alt i alt ein flott tur, elske sykkelen. Den er perfekt til meg, treng ikkje meir effekt eller kvassare egenskaper. Denne sykkelen oppfordre til fornuftig kjøring, men vippe du den i Sport, er der nok effekt til sikre forbikjøringer. Sistnevnte er det sjelden eg gjer, aldri hvis trafikken held fartsgrensa
På turen bikka eg akkurat 1000 km så neste blir 1. gangsservice hos Motorsyklisten!
No comments:
Post a Comment