Tuesday, March 5, 2024

Sesongstart med oppgraderinger!


Den 21. februar, litt over 3 mnd sidan sykkelen var satt i garasjen (7. nov 23), fekk eg årets første tur. Ekstra spennande sidan eg berre fekk 300 km på den nye sykkelen i høst.

Det er ikkje stabilt nok til å kjøre fast enda, spes når ein kjører tidlig på jobb kan det vere glatt eller i det minste salta. Prøver å unngå kjøring på salt.

I dag, 5. mars fekk eg årets andre tur og første til jobb. Nydelig ver gjorde at eg tok ein ekstra lang veg heim via Moster.

Eit par oppgraderinger er gjort før sesongstart. Toppboks frå Givi (V47) er montert og eg har kjøpt airbagvest, Helit 2. Dyr, men du angrar ikkje på det den dagen du fyk av sykkelen. La oss likevel håpe det aldri skjer. Veldig lett å ha på, kjenner at det er fort gjort å gløyme lina der ein kobler til vesten med sykkelen. Her må gode og konsekvente rutiner følges!

I tillegg har eg kobla til Ctec sine kabler til batteriet. Her kan eg då koble til lader uten å ts bort lokket til batteriet eller eg kan koble på 12 v lading til mobil feks. Einaste ein MÅ hugse er å slå heilt av så ikkje det litle 12v batteriet blir utlada




No comments:

Post a Comment

Sesongstart med oppgraderinger!

Den 21. februar, litt over 3 mnd sidan sykkelen var satt i garasjen (7. nov 23), fekk eg årets første tur. Ekstra spennande sidan eg berre f...