Eg tok derfor første ferga søndagmorgon frå Jektevik til Hodnanes og kjørte langs sjøen heilt til Hardangerbrua og så inn til Odda, tunnelen til Rosendal og ferge frå Ranavik. 341 km på 6,5 timar kjøre tid gav ein flott opplevelse og svar på at kroppen slit litt med så lange turar, men snittfarten blir låg så det tida du sitt som er utfordringa, eg blir ikkje sliten av kjøringa.
Eg stoppa i Ølve, Øystese, Granvin, Odda og Rosendal.
Etter turen er eg enda sikrere på at eg må gjere noko med sittestillinga… Trur og det blir å forlenge styret litt, mange har heva det 2 cm. Prøver nok det. Treng også øyrepropper for det blir slitsomt med støy når ein kjører så lenge, sjølv om farten er låg…
Vel, herlig tur og eg har ikkje tatt skrekken ifht Nord-Norge turen, men desse testturane har vore veldig bra, no veit eg mykje meir kva eg har i vente. Eg kjem feks til å jobbe for å unngå vegar med mørke tunnellar, då slit syne mitt med å tilpasse seg. Veldig ubehagelig
Her følger bilder feå turen, eg starta med å fylle tanken til randen med 98 oktan og avslutta med å fylle nøyaktig like smekkfult på samme pumpe til og med. 9,9 liter gjekk med på 334 km, snitt på pene 0,297 pr mil. Computeren på sykkelen viste 10,4 liter brukt og 0,31 pr mil. Det må vere første gang i historien at en slik computer viser meir enn du faktisk brukar. Men dette forbruket er utrulig bra for ein 750 ccm…
No comments:
Post a Comment