Friday, December 29, 2023

R1200GS - 2018

Litt tidleg å lage ein post om ein sykkel når eg ikkje har mottatt den enda, men me får heller oppdatere. Det er jo alltid gøy å sjå seinare om det som var målet med kjøpet, faktisk slo til…


Kvifor bytte èin heilt ny sykkel etter berre eit år (Honda Nc750x DCT). Kanskje litt galskap, men no er planen langturar i tillegg til at den skal dekke dagleg bruk (erstatning av bil nr 2). BMWen er utvilsomt mykje meir egna til slik bruk og det kriblar skikkelig for å komme i gang.

Eg forventer, mykje betre komfort, anna verden ifht motorkraft, mykje bedre beskyttelse mot regn og vind, mykje større kapasitet til lasting for tur, cruisekontroll til å avhjelpe problemet eg fekk med armen på langtur på Hondaen og forhåpentligvis er sete sånn at eg ikkje får problem med halebeinet slik eg også fekk problem med på Hondaen, men her kan det vere at kroppen rett og slett gir meg litt utfordringer uansett. Deg at eg kan stå mykje betre på BMWen vil vere viktig for halebeinet på lengre tur. Eg stod ein del på Hondaen, men det var ikkej så komfortabelet. Trur det er mykje bedre å stå på BMWen, men dette veit eg ikkje sikkert...

Det var forresten nært at det enda med ein Triumph 900 Rally Pro, dei gav i likhet med Artic Motor ein god innbyttepris, men eg trur BMWen er meir for meg, Triumphen virkar å vere ein meir turtallsmaskin og eg er ikkje der, det er roleg og fornuftig kjøring eg likar. God bunndrag og komfort er viktigare enn knivskarpe egenskaper.

Nei, det gledes som det heiter og eg syns det tar sjukt langt tid å få den nedover. Tidligst 6. mars er siste info...



No comments:

Post a Comment

Snart sesong start 2025 - litt planar

Me skriv 1. februar. Det er lørdag og nydeleg vèr, men -1 grad så litt tidlig for sesongstart enda. I 2024 hadde eg min første tur 21. febru...