Sunday, December 31, 2023

Planar for langtur - sommeren 2024

Med den nye og vesentlig meir komfortable sykkelen har tanken på langtur byrja å ta form... 

Den foreløpige planen er å kjøre til hytta i Nord-Norge. Hytta ligg på Sandtorg, 30 km sør for Harstad. Me har kjørt mange gonger med bil, men har no ein gml Skoda Yeti ståande på hytta så no tek me altså fly frå Bergen til Evenes, effektivt, men akk så kjedelig.

Ein ting eg aldri har likt med motorsykkel er å kjøre fort i stor trafikk, mykje av sjarmen med mc-livet forsvinn fort då og ein kan like godt ta bil eller fly. Det som er kjekt både med bil, mc og båt er å komme utanfor allfarveg og oppleve nye stader og få naturopplevelsar du ikkje får ellers.

Idear frå YouTube:

Me har etter kvart kjørt mange av dei flotte turistvegane våre i Norge med bil og eg vil jo gjerne på nye stader samtidig som eg skal kjøre til ein plass me har kjørt til mange gonger før. 

Eg byrjar derfor å søke etter fine MC turar og YouTube er genielt til slikt. Der finn du fort likesinna som allerede har gjort mykje av det du trenker på sjølv. Mange er også utrulig flinke til å formidle og gi informasjon og råd. Spesielt PiotrHarison og ikkje minst OffSheGoesADV har gitt mykje inspirasjon, men her er mange å velge mellom.

Grusvegar, trengs knastedekk og veltebøyler?

Ved kjøpet av NC750en stod BMW GS 750 øverst på lista, men ein av grunnan til at eg droppa den var ein erkjennelse av at eg ikkje kom til å kjøre off-road med sykkelen likevel. No ser eg fort at skal ein få flotte turopplevelser er det mange spanande grusvegar der ein verkelig kjem utanfor allfarveg.

Eg har bestemt meg for å prøve meg på ein del av desse, så eit spørsmål eg har tenkt mykje på er om eg burde skifte dekk. Eg har diskutert dette litt og ein får som vanlig råd som spriker fra 100% nødvendig til heilt unødvendig. Det er jo ganske åpenbart at det er bedre men knastedekk på grus, men then again, det blir antakelig berre ein langtur i år og grusveiane eg har lagt opp til kan også kjøres med vanlig bil så det er ikkje noko ekstreme greier. Det handler nok mest om å vere ultra forsiktig og det er eg alltid på sykkel.

Neste spørsmål er behov for veltebøyler, det er jo fort gjort å skli. Eg klart å miste KTMen på asfalt også ein gang jeg hadde ryggsekk på og fekk overbalanse. Ein fordel med Hondaen er den lave sitte posisjonen slik at ein får god kontakt med begge beina, flatt...

Me får se hva det blir til med veltebøyler, men dekkene byter er ikkje. Er det øspøs blir det nok ikkje kjørt sykkel i heile tatt og iallefall ikkje på grusveiene

STORD-DOMBÅS (720 km):


Denne ruta er 720 km til Dombås, altså ikkje akkurat "straka vegen". I hovedtrekk går ruta fra Stord over til Tysnes og på nordsida av Hardanger fjorden fram til Hardangerbrua. Videre over Hardangervidda og Geilo før den første grusveien tas over til Hemsedal. Her starter vegen som Grønsetlivegen og ein må kjøre litt av fra RV7 på RV50 Hol-Aurland før ein kjem til avkjøringa. Her blir det ganske mange mil på grus og eg får nok fort svaret på om dette er kjekt eller ikkje med min kunnskap og mitt utstyr.

Den første grusveg-etappen endar i Hemsedal, men berre få km på asfalt så kan ein velge å kjøre over fjellet på Panoramavegen og komme ned i Slidre. Videre frå Slidre mot Vang er det også ein flott grusveg over til Beitostølen, Slettefjellvegen. Denne er ikkje så lang. Frå Beitostølen er det 10-15 km til Bygdin og nye grusmuligheter på Jotunheimvegen. Denne tar deg ned til Vinstra og når ein først er så godt i gang med opplevelses vegar så planlegg eg også å kjøre Venabygdsfjellet over Dover og så ta Grimsdalen ned til Dombås.

Planen er å ligg i telt. Blir det regn og elendighet får me heller knuse sparegrisen å ta inn på hytter eller hotell.

DOMBÅS-SANDTORG (1300 km):



Frå Dombås tenker eg at det kan vere greit med litt effektivitet, det er skikkelig langt til Nord-Norge og eg kan ikkje bruke heile ferien på sykkelen. Samtidig er det jo også slik at eg skal heimigjen også:)

Foreløpig plan er derfor å kjøre effektivt opp til Mosjøen og ta ferga ut til Nesna og derfrå kjøre Helgelandskysten. Iflg nasjonalturistveg.no er denne vegen 433 km lang,  men skal du kjøre heile denne vegen må du legge kursen mot kysten rett etter «Snåsavatnet», flott, men det tar tid med fleire ekstra ferger og me har tross alt kjørt denne vegen fleire gonger før. Men er det tid så er det ein flott tur. 

Muligens har det gått så mykje tid at det blir E6 heilt opp og heller litt Kystriksveien på returen!

Det blir nok eit valg eg må sjå ann når eg er undervegs. I denne ruta har eg lagt inn at eg tar ferge over til Lofoten og kjører frå Moskenes til Sandtorg, men her er det mykje tursistar og Lofoten har eg sette mange gonger, så her må det også til vurderinger undervegs.

Vel, planen er å tjuvstarte litt på fruen som tar fly opp. Eg tenker å stikke frå jobb rundt lunchtider onsdagen og komme meg opp på Hardangervidda den dagen. Det er videre vanskelig å vurdere kor lang tid det vil ta, det er dumt å planlegge seg til stress. Men heile turen bør ikkje ta så mykje meir enn ei veke tenker eg. Det gir eit snitt på 300 km pr dag. Nesten heilt uten erfaring med langkjøring på MC så kan det virke nok, spes på grusvegane som nok tar lang tid både fordi det blir lav fart, men også mange stopp. Eg kan knappe inn på dette ved lengre strekk på E6. 

Vel, det er planen. Akkurat no må det vurderes kva som evt må oppgraderes på sykkel. Det er ønskelig etter å ha kjøpt ny sykkel fra famile sine sparepenger at det ikkje blir dyrt så her blir det kun need to have, ikkje noko kjekt å ha på berre denne turen, men det må fungere og ein sparer jo mykje på å bu i telt så kanskje ein kan forsvare litt investeringer i f.eks ein toppboks. Eg har allerede to Kriega US20 sekker så først skal alt utstyret gjerast klart og prøvepakkes på sykkelen. Då ser eg nok meir kva som evt må til. 

Hondaen er jo sånn at den har dette veldig praktiske rommet framme der tanken normalt er, men til gjengjeld er tanken bak slik at sete bak fører må vippes opp. Kriega sekken er veldig lette å ta av og på, så dei er supre, men spørsmålet er om det ikkje hadde vore kjekt med ein boks bak. Givi N47 er aktuell, men det koster fort 5.000 med fester så, mja...




No comments:

Post a Comment

Sesongstart med oppgraderinger!

Den 21. februar, litt over 3 mnd sidan sykkelen var satt i garasjen (7. nov 23), fekk eg årets første tur. Ekstra spennande sidan eg berre f...