Saturday, August 8, 2026

Dag 8: Gamle Strynefjell (722 km)

​Eg sov godt langs E6, men våkna tidleg. Pakka og avgårde rundt 0730! 

Dette første strekket var ganske likt som i 2024 då eg telta i Trofors og kjørte til Mc Donalds i Steinkjer. Forskjellen er at det er natt og dag i forskjell på komfort mellom Honda Nc750 og 1200GS. Det er og natt og dag forskjell i pris, men eg bestemte med på turen i 2024 for at eg sku ha ein GS. Då tenkte eg på GS750, men vart overbevist om at 1200 var verd det. 99% enig med han som gav råd, det einaste som er ei utfordring er at den kan bli høg i enkelte situasjonar. Me regndress og full oppakning er ikkje det alltid heilt lett, men til småkjøring går det lett, men feks ved litt off-road for å campe så kan det veldig fort bli krevande. Det er delvis e treningssak!

Vel, sykkelen kjem eg til å behalde lenge. Har tenkt på 1300, men kvifor doble investeringa når det faktisk berre er småting ein saknar.

237 km til Mc Donalds i Steinkjer. Flotte vegar, kun ein stopp for bensinfylling og enda ein sjekk av dekket. No oppdaga eg kor mykje bulk det var i dekket. Med sykkel på midtstøtta så var det berre å snurre dekket så var det lett synleg.

Ringte BMW forhandler i Trheim, men sjølvsagt umulig å få time til bytte av dekk. Han beroliga meg med at det ikkje var farlig å kjøre med, forutsatt at det ikkje var lause boltar eller slark. Det var det jo ikkje, allerede sjekka dagen før og sjekka på nytt no!



Vel, det vart ein lang dag igjen, men godt kjørever. Litt småstopp vart det, Støren for CircleK bollar og is, gløymt kaffikoppen i Teslaen i NordNorge, så Dovrefjell der var det fram med primus og ein 45 minutters stopp. Kald vind, men likevel. Dovre er storslått! Interessant historie om Kongevegen.

Etter Dovre kjørte eg til Lom i ett strekk. Då var eg sleten når eg stoppa i Lom. Der handla eg og satte kursen direkte mot dagens mål, Gamle Strynefjell veg.

Smal og fin grusveg som er godt kjørbar med bil, men det blir nok ein del rygging for her er det ikkje plass til meir enn ein om gangen. 

Storslått natur, men du er ikkje åleine om å telte der, uansett. Flott opplevelse. 


No comments:

Post a Comment

Dag 9: Solfonn

​Me leiger ut vår leilighet på Solfonn, Skare overfor Odda. Leigetakere vaskar sjølv og det betyr at ein må ha tilsyn av og til. Eg var inno...