Monday, December 1, 2025

Bilbytte

No er dette ein blogg og kjørebok for motorsykkel kjøringa mi, men er det ikkje alltid unntak frå reglane??

Vel, ein vel jo sjøl om ein vil lese...



Etter å ha vore ein såkalla "bilflippar"i mange år med mange bilbyter oppgjennom årene så hadde me slått oss til ro med vår noverande Kia EV6 GT Line, heilt til det vart klart at no vil mva fritaket fasast ut i løpet av 26 og 27. Då innsåg at dette kanskje er det siste gunstige tidspunktet å byte bil på... og som sagt som gjort! Kiaen vart solgt privat, det tok tid, men prisen vart som planlagt og ny kjøpt inn, men først her er galematisa lista over alla elbilane me har kjøpt opp gjennom åra;

2011 - Nissan Leaf - Amerikansk - Kjørt 75.000 km

2014 - Tesla Model S 85 - Kjørt 43.000 km

2016 - Tesla Model S 75D - Solgt som ny

2013 - Nissal Leaf 30 kwh - kjørt 40.000 km

2016 - Tesla Model X 60D - Kjørt 14.000 km

2018 - Nissan Leaf 40 kwh - Kjørt 26.000 km

2019 - Kia eNiro - Kjørt 35.000 km

2015 - Kia Soul - Kjørt 5000 km, ventebil 

2021 - ID4 RWD - Solgt som ny pga kluss med bestilling

2021 - Tesla Model Y - Solgt som ny etter 2 år venting

2021 - ID4 RWD  -Kjørt 31.000 km

2022 - ID5 GTX - Kjørt 4000 km

2022 - ID4 GTX - Kjørt 500 km

2023 - Hyundai Ioniq 5 - Kjørt 8800 km

2023 - Kia EV6 GT Line  - Svart - solgt som ny

2023 - Kia EV6 GT Line - Kvit - kjørt 56.000 km

2025 - Hyundai Ioniq 5 N-Line - Kjøpt som Demobil gått 2900 km ved kjøp

17 elbilar sidan 2011, 338.000 km fordelt på alle bilan er jo nesten galskap, men me har kjørt veldig mykje og slike byter har faktisk vore gunstige i lange periodar. 

Flipping er det mange som har drive med, men det måtte jo ta slutt og det stod veldig klart for meg når Tesla endra bilverden med prissjokket i starten av 2023. 

Eg hadde derfor ikkje tenkt tanken på at me skulle bytte Kiaen, men så byrja eg å sjå litt på dette mot ein nhy Tesla Model Y med 0% rente og regnestykket for oss som sel sjølv vart rett og slett ganske så fristande. Det er store verdifall på nye bilar, men dei er også veldig billige å kjøre i starten med nye dekk og ingen service. Innen eit år vil 2 nye dekksett og ein stor service på Kiaen koste over 40.000...

Dermed var tankekjøret i gang, kva skulle me små byte til?

Me hadde fylgjande bilar på lista:

  • Tesla Model Y 
  • Bmw i4M50 
  • Id 7
  • EV 6 GT Line
  • Ioniq 5 

Valget falt til slutt på sistnevnte. Eg hadde ikkje trudd det sjølv og det hadde nok blitt Bmw om ikkje me var så heldige å fekk kjøpe demobilen til gunstig pris, nesten som ny, berre gått 2.900 km. Ingen av desse bilane er i nærheten av å matche Tesla på pris og med ny facelife og mykje betre komfort syns eg TMY er eit godt alternativ og det beste kjøpet akkurat no.

Politisk syns eg fortsatt Tesla er vanskeleg så etter nokre rundar med meg sjølv og det faktum at setene passa meg svært dårleg i den bilen enda det me at me tok ein tur med Ioniq 5 demobilen. Den overraska positiv, det svært mjuke oppsette frå 23 modelle me eide var borte, bilen er ikkje så inspirerande å kjøre som Kiaen, men ikkje langt unna og faclife har ei rekke gode forbetringar. På toppen kom det at demobilen er ein N-Line der det endeleg er borte dette to farge greiene som ikkje ser ut. I tillegg er den svart innveldig og det er både større batteri og oppdatert infotainment og ei rekke med forbetringar. Det var også den mest støysvake bilen me kjørte og det er veldig viktig for komfort og inntrykket av bilen.

Når me fekk tilbud om å kjøpe demobilen slo me derfor til og bilen fortsett å imponere, ved helgas første langtur var det åpenbart at Ioniqen er mykje stillare en den gml EV6en, den er også meir praktisk og eg må ta meg i å tenke at den ser fin ut i svart som N-Line. Tidlegare har eg ikkje likt designet og eg er ikkje noko stor fan no heller, men N-Line gjorde susen: Uten N-Line hadde me antakeleg valgt ein nyare bruk Bmw...








No comments:

Post a Comment

Bilbytte

No er dette ein blogg og kjørebok for motorsykkel kjøringa mi, men er det ikkje alltid unntak frå reglane?? Vel, ein vel jo sjøl om ein vil ...