Me skriv 1. februar. Det er lørdag og nydeleg vèr, men -1 grad så litt tidlig for sesongstart enda. I 2024 hadde eg min første tur 21. februar så det treng ikkje vere så lenge til no og det kan fort bli slik i år også for no har det endeleg byrja å skje ting. BMWen er snart på veg til Ride i Bergen. Eg håpar jo då at det er vèr til å kjøre den heim så eg slepp å leige MC henger, men det får me sjå på. Me vil jo ikkje ha BMWen full i salt på første tur heller...
Gjennom vinteren har eg sett litt på kva turar som hadde vore kjekke å tatt med nysykkelen.
Nord-Norge!
Det er allerede planlagt kjøring til Nord-Norge i forbindelse med ferien i starten av Juli og ca 14 dagar. Om det blir tid til noko kjøring der oppe spørs i år som er første året der me eig hytta sjølv og dermed kan byrje å restaurere. Hvis det blir tid trur eg det blir Vesterålen og kanskje ferga over til Senja. Typiske ein 2 dagars tur med 1 overnatting.
Lysebotn
Det eg nok ganske sikkert kjem til å presse inn er Lysebotn så får me sjå kor lang tid eg kan få brukt, men fredag-søndag tur er eit minimum om ein skal få turfølelsen og ikkje berre kjøre. Det vert fort 500 km pluss.
Vestlige Sørland
Det ser veldig fint ut å kjøre kysten frå sør og opp mot Stavanger. Det er også èin tur eg tenker på i 2025, kanskje samtidig med Lysebotn om det er litt meir enn ei helg tilgjengelig. Pinse eller himmelspretten er muligheter. Greit å få kjørt litt før Nord-Norge. Både for trening, men også fordi BMWen har 3 mnd garanti! Greit å få testa den på litt meir enn 10 km til jobb i den perioden.
Eg har aldri vore ute på Lindesnes Fyr på land, berre sett frå sjøen. Farsund er vakkert og ikkje minst trur er Åna-Sira og oppover Jær-strendene er fine områder å kjøre for å oppleve natur på smale vegar…
Så har me fine vegar lokalt, ser at Osterøy ser litt spanande ut, ei diger øy eg aldri har vore på.
Tida er egentlig einaste begrensning, kanskje kan eg ta sykkelen over til NordNor-Shipping i starten av Juni, det hadde vore stas og der er faktisk èin mulighet til Sør-Vestlandet på returen! Pinsen kjem direkte etter der så her ligg muligheter!
No comments:
Post a Comment