Endeleg kom sykkelen frå Bodø. Eg syns det har tatt lang tid, men no er sykkelen her, i god tid til sesongstart!
Akkurat så fin som både annonsen gav uttrykk for og som eg håpa og trudde!
Eg må sei eg syns fargen er rosina i pølso. Sikkert delte synspunkt, eller i triple black også, men eg syns det både er fint og lurt med farge på syklane.
Det var litt kort dag på jobb, vegane tørka opp på ettermiddagen og frå i natt er det ned mot null grader igjen på natta og då byrjar saltinga igjen. Derfor var det berre i dag eg kunne ta èin god tur, antakelig på ei nesten 2 vekene pga kulde og reise veka etter der.
Vestsida på Bømlo er fin på sykkel, jakta litt på middels vegstandard for å teste komforten! Dette er noko heilt anna enn Hondaen på alle måtar, men voldsom forskjell på komfort.
Super å stå å kjøre med, det er både praktisk, men også heilt nødvendig for å ikkje få problem med kroppen på langtur. Veldig godt sete var det også!
No comments:
Post a Comment