Sjølv om vårtemperaturane er vekke igjen så var det tørr veg etter jobb tirsdag og dermed vart det ny tur. Rundt Stord er 63 km, med stopp for å handle på Fitjar og den obligatoriske stoppen ved Olstjødna oppe ved vindmøllene!
Kjekt med sidevesker, til handelen, sjølv om dei ikkje er veldig store. Fordelen er at èin ikkje vert så brei på ferger f.eks., og det at dei er mjuke er fint om ein skulle vere bort i noko med dei. Det skal også vere tryggare ved velt å ha mjuke sidevesker enn harde. Desse verkar overdrevent solide og er designa for offroad bruk. No i kulden er dei veldig stive iallefall.
Det blir stas å kjøre på langtur med denne sykkelen. Komforten er i ein heilt anna liga. Støy i hjelmen f.eks. er natt og dag til tross for at eg kjøpte stor puig vindskjerm til Hondaen, ganske like det denne har. På ujevn veg svevar denne sykkelen over ujevnhetane i forhold til Hondaen som var direkte ubehagelig. Sitteposisjonen er også veldig mykje betre og romslegare. Det blir også veldig mykje enklare å laste sykkelen ifht Hondaen. Det å stå å kjøre er også veldig mykje betre på denne sykkelen så alt i alt står den til forventningen så til de grader. Ulempen er at den er stor å tung å styre når du har stoppa, første dagene vart eg ståande i litt nedoverbakke og klarte ikkje svingen så eg måtte bruke beina for å komme meg bakover, då merkar du at den er tung. Fantastisk då å kunne sette den i «min» slik at èin får senka sykkelen med god kontakt med bakken på begge sider!
Det mest spesielle med GSen er kor utrulig letthåndterlig den er i lav fart, denne er mykje lettare å kjøre sakte med. Der har du også èin av ulempene med DCT kassen til Honda, krypkjøring er lettare med clutch sjølv om eg ikkje hugsa det som noko stor issue på Hondaen som er èin fin budsjettsykkel, men du får det du betaler. Det vart veldig tydeleg no når eg fekk denne👌
No comments:
Post a Comment