Saturday, March 15, 2025

Longway home…

Torsdag måtte eg heim med bilen til fruen midt på dagen (sånn e da å berre ha èin bil), men det er berre vintermånadane det er eit problem.

Tross kun 2-4 grader så vart det ikkje kjørt rett heim frå jobb torsdag heller. Det vart èin ny runde rundt Stord med middagshandel på Fitjar, dog ikkje tid til vindmøllene denne gangen.

Etter turen kjørte eg rett i havna for kundemiddag og båttur morgonen etter. Heilt greit at det ikkje vart kjøring før ettermiddag fredag for om morgonen var det minus 4…

Eg kjenner eg byrjar å bli varm i trøya med GSen, det er èin komfort utav denne verden og det er deilig med EiT så voldsomt dreiemoment. Her trengs det ikkje hente effekt høgare på skalaen. Mi kjøring så held det iallefall med 3-4.000. Eg syns egentlig heller ikkje at den er veldig inspirerande på høge turtall, men det passar meg perfekt. Eg liker å kjøre roleg og smooth, då er ikkje turtallsjaging noko kjekt uansett.

Neida, den står så til dei grader til forventningane enda! Men eg kjenner på eit intenst ønske om langtur, den nermast tryglar om det og det er nok då den verkeleg kjem til sin rett, men småkjøring går også veldig lett. Den er tung når den står stille, men med èin gong den trillar så forsvinn liksom halve vekta. Klarar å kjøre mykje seinare krypkjøring med denne enn Hondaen. Det er ekstra praktisk med èin tung sykkel syns eg…

Ja så er setet veldig godt ifht Hondaen sitt. Ja eg kunne gått gjennom alt som e bedre, men

Tuesday, March 11, 2025

Rundt Stord

Sjølv om vårtemperaturane er vekke igjen så var det tørr veg etter jobb tirsdag og dermed vart det ny tur. Rundt Stord er 63 km, med stopp for å handle på Fitjar og den obligatoriske stoppen ved Olstjødna oppe ved vindmøllene!

Kjekt med sidevesker, til handelen, sjølv om dei ikkje er veldig store. Fordelen er at èin ikkje vert så brei på ferger f.eks., og det at dei er mjuke er fint om ein skulle vere bort i noko med dei. Det skal også vere tryggare ved velt å ha mjuke sidevesker enn harde. Desse verkar overdrevent solide og er designa for offroad bruk. No i kulden er dei veldig stive iallefall.

Det blir stas å kjøre på langtur med denne sykkelen. Komforten er i ein heilt anna liga. Støy i hjelmen f.eks. er natt og dag til tross for at eg kjøpte stor puig vindskjerm til Hondaen, ganske like det denne har. På ujevn veg svevar denne sykkelen over ujevnhetane i forhold til Hondaen som var direkte ubehagelig. Sitteposisjonen er også veldig mykje betre og romslegare. Det blir også veldig mykje enklare å laste sykkelen ifht Hondaen. Det å stå å kjøre er også veldig mykje betre på denne sykkelen så alt i alt står den til forventningen så til de grader. Ulempen er at den er stor å tung å styre når du har stoppa, første dagene vart eg ståande i litt nedoverbakke og klarte ikkje svingen så eg måtte bruke beina for å komme meg bakover, då merkar du at den er tung. Fantastisk då å kunne sette den i «min» slik at èin får senka sykkelen med god kontakt med bakken på begge sider!

Det mest spesielle med GSen er kor utrulig letthåndterlig den er i lav fart, denne er mykje lettare å kjøre sakte med. Der har du også èin av ulempene med DCT kassen til Honda, krypkjøring er lettare med clutch sjølv om eg ikkje hugsa det som noko stor issue på Hondaen som er èin fin budsjettsykkel, men du får det du betaler. Det vart veldig tydeleg no når eg fekk denne👌

Monday, March 10, 2025

Levert!

Endeleg kom sykkelen frå Bodø. Eg syns det har tatt lang tid, men no er sykkelen her, i god tid til sesongstart!

Akkurat så fin som både annonsen gav uttrykk for og som eg håpa og trudde!

Eg må sei eg syns fargen er rosina i pølso. Sikkert delte synspunkt, eller i triple black også, men eg syns det både er fint og lurt med farge på syklane.

Det var litt kort dag på jobb, vegane tørka opp på ettermiddagen og frå i natt er det ned mot null grader igjen på natta og då byrjar saltinga igjen. Derfor var det berre i dag eg kunne ta èin god tur, antakelig på ei nesten 2 vekene pga kulde og reise veka etter der.

Vestsida på Bømlo er fin på sykkel, jakta litt på middels vegstandard for å teste komforten! Dette er noko heilt anna enn Hondaen på alle måtar, men voldsom forskjell på komfort.

Super å stå å kjøre med, det er både praktisk, men også heilt nødvendig for å ikkje få problem med kroppen på langtur. Veldig godt sete var det også!

Longway home…

Torsdag måtte eg heim med bilen til fruen midt på dagen (sånn e da å berre ha èin bil), men det er berre vintermånadane det er eit problem. ...