Sunday, June 22, 2025

Nytt leketøy - Carpuride702BS

Ja, med feriepenger på bok, nytt kjøreutstyr tatt på forrige lønn osv så kom tankane om egen nav unit opp etter Bergens turen. Før eg skulle innom Ride skulle eg hente noko eg hadde kjøpt til båten, då såg eg kor håplaust det er med navigasjon via mobil.

Eg kjøre med regntette handskar. Dei er veldig gode, men dårlige på skjerm. Eg har to sett, men begge er tjukke og lite egna til skjerm. Mobilen med BMW appen viser kun kart, tid feks til ferja som var èin av tinga eg ville vite denne gongen, ja då må èin inn på TFT skjermen og då blir det mykje inn og ut på den skjermen. Vel èin navigasjon så forsvinn turteller og anna data, litt utdatert syns eg faktisk TFTen til BMW er, men ser den brukes på 1300 også og layout ser ganske lik ut. Lysstyrken er dog heilt konge og eg er jo heldig som fekk èin 2018 med denne skjemen, første modell med TFT… Litt derfor det vart 2018 modellen må eg innrømme, men også fargen, låg km og mjuke sidevesker, høg vindskjerm med spoiler, og ikkje så mykje høgare pris. Alt var på plass på denne og no blir den enda EiT hakk meir komplett…

MEN tilbake til appen til BMW. Den er veldig kjekk å ha som loggbok, der den legg inn bilder du tar automatisk. Så den appen får uansett gå i bakgrunnen, det skal vere mulig…

Eg kunne brukt feks Google Maps på mobilen sjølvsagt, men det er umulig å trykke på skjermen med handskar eg har, ikona blir også altfor små…

Definitivt eit I-landsproblem, men uansett eit problem;) Dessuten eit kjekt leketøy som ja, kan ta fokus.

Dei mest naturlege alternativene:

  1. BMW Navigator
  2. BikePlay fra AdvThor
  3. Carpuride 702BS
  4. AIO-05/06

BMW og AIO ryk ut allerede på pris så uansett kor gode dei måtte vere er dei ikkje aktuelle. No har også BMW løsningen dårlig rykte, fekk med èin slik ved kjøpet, den er heilt ødelagt, skjermen fungerer i hytt og pine. Sikkert bra på nye, men ja, altfor dyr.

AIO-05 og 06 er ca dobbel så dyre som Carpuride og BikePlay. Eg stod dermed veldig fort igjen med desse to. BikePlay er det trygge valget med kjøp via AdvThor i Norge, men eg vart skeptisk når eg oppdaga at den ikkje kan styrast av BMW hjulet…

Eg kom over denne videoen til Big Rock Moto av Carpuride 702BS, eg har sett mange av hans videoer og han framstår som veldig kunnskapsrik. I denne videoen opnar han med å informere om at han har fått produktet gratis samt at han tjener penger om eg kjøper ein, då skal èin jo vere skjepisk!

https://youtu.be/2aAJumdiHJw?si=pIRTw7KFInz4c5FS

Uansett vart eg overbevist om den nye modellen 702BS er rett for meg. Trur det er «S» som betyr at dette er den ny modellen som har kontakt med BMWen sitt Can-bus, slik AIO har hatt lenge…

Det som er kjekt med at den snakkar med sykkelen sitt system er at èin både får brukt scrolleren, men også får opp vitale sykkeldata.

Desse har du i TFTen frå før, men her får du meir info på samme bilde og eg likar å vite feks motor temp etc uten å klikke èin masse og samtidig miste turteller, slik det er på TFTen. Spes når det er kaldt likar eg å ha kontroll på både turtall og temp sjølv om TFT justerer maks grensa på turtelleren automatisk etter tid og temp.

Carpuride skal også ha litt bedre vanntetthet, IP67 vs 65. Den har også litt meir lyssterk skjerm, den har også ein liten solskjerm, om no den har noko betydning. Godt mulig det er pluss med BikePlay som eg ikkje har oppdaga, men BMW hjulet åleine var nok til å tippe valget over. Ca 450 kroner dyrere var Carpuride vs BikePlay, men det var med express bestillingen via Amazon UK. Ørlite billigare rett frå fabrikk i Kina om èin bruker 30% rabattkoder feks til «bigrockmoto». Men dette rabattkode greiene er altså stort sett berre gimmic, uten rabatt er den ca 2-5% dyrare frå Amazon UK då inkludert hasteleveranse også som kosta 100 kr ekstra. 4200 kosta den levert Norge inkl mva og gebyrer, hastelevert…

BikePlay kostar 3750,-. Er det kun navigasjon èin er opptatt av og èin har handskar som fungerer på skjermen så er det nok liten vits med Carpuride… Mykje lettare å reklamer om det blir kluss…

No er det jo slik at èin lagar seg nok litt kunstige behov for å forsvare valget, men, men. No er den i alle fall bestilt fra Amazon UK og skal komme allerede onsdag!!

Det blir spennande å få denne på plass, er også spent på om den vil ta noko av sikten til TFT skjermen. Mulig 7 tommer er litt overkill, men då får eg heller selge å kjøpe èin 5 toms. Eg er lang i ryggen og ser at enkelte har kommentert at den kan ta litt sikt så spent på om det blir tilfelle for meg også…

Saturday, June 21, 2025

Snart Nord-Norge

I starten på juli set eg kursen mot nord igjen. Langturane eg fekk dilla på i fjor, er heile poenget med kjøpet av GSen.

Eg byrjar å bli meir varm i trøya på den sykkelen. Stor overgang frå NCen, boxeren var kanskje den største overgangen. Eg er veldig opptatt av lydar i alt frå bil, båt og Mc og eg må innrømme at boxeren ikkje falt heilt i smak på det området i starten.

Men den har vokse på meg og eg har begynt å like den veldig godt, den drar som ett uvær og det er egentlig det eg jakter på, eg drar aldri ut motorane på turtall uansett, kun ved forbikjøringer og knapt nok då:) Dessuten kjøre eg sjelden forbi, kjørestilen min er nesten «mann med hatt». Kose meg på tur og trur også det er den tryggaste måten å kjøre på… Men èin må sjølvsagt vere «på» når èin kjøre sykkel, så eg kjøre ikkje passivt heller. Når eg var til Ride i Bergen traff eg to i køen innover i arbeidsklær som sjangla mellom bilar, bussar og lastebilar. Det er jo ikkje rart det er ulykker med sykkel…

Turen til Ride Bergen var for èin sjekk av sykkelen før garantien på 3 mnd går ut, alt var i orden. Bytte av dekk må gjerast, men det er avtalt allerede kommande onsdag og dekkene har eg kjøpt for lenge sidan. Ride imponerte med å ikkje ta betalt for sjekken, strålande kundebehandling, spes når eg ikkje har kjøpt sykkelen der…

Vart ståande å sjå litt for lenge på R1300GSA. Joda, eg kjenne meg sjølv så godt at det nok kan skje, men no får eg ha 1200GSen i nokre år. Litt usikker på den enorme tanken er heilt «meg», samtidig syns eg 1300GS nesten er litt fislete ifht 1200, men ja. Takka fint nei til prøvetur… Hehe

Til turen, tanken er, som i fjor, å kjøre Hardangervidda, så div grusveier via Geilo, Hemsedal, Beitostølen og kanskje Jotunheimenvegen igjen og Venabygdsfjellet via Folldal. Om det blir ny tur langs Helgelandskysten er meir tvilsomt. Det står eit oppussingsprosjekt å ventar i nord, men kanskje heller nokre dagar rundt Senja, Vesterålen og deromkring når nye vinduer etc er på plass i hytto. Me får sjå

I fjor vart veret så dårleg at desse grusvegane vart droppa, no er det fortsatt 10-12 dagar til eg slepp i frå på jobb, men det ser ikkje noko bedre ut i år. Det blir ikkje gruskjøring i øspøs, da blir berre gris og eg har heller ikkje offroad dekk til slikt…

Kanskje Sverige heller om det er tørt der, men det er endelause vegar i skogen der, men mange fine grusvegar… Deilig å berre kunne velge heilt fritt, uten å tenke på andre enn seg sjølv😅

Nytt leketøy - Carpuride702BS

Ja, med feriepenger på bok, nytt kjøreutstyr tatt på forrige lønn osv så kom tankane om egen nav unit opp etter Bergens turen. Før eg skulle...