Saturday, June 21, 2025

Snart Nord-Norge

I starten på juli set eg kursen mot nord igjen. Langturane eg fekk dilla på i fjor, er heile poenget med kjøpet av GSen.

Eg byrjar å bli meir varm i trøya på den sykkelen. Stor overgang frå NCen, boxeren var kanskje den største overgangen. Eg er veldig opptatt av lydar i alt frå bil, båt og Mc og eg må innrømme at boxeren ikkje falt heilt i smak på det området i starten.

Men den har vokse på meg og eg har begynt å like den veldig godt, den drar som ett uvær og det er egentlig det eg jakter på, eg drar aldri ut motorane på turtall uansett, kun ved forbikjøringer og knapt nok då:) Dessuten kjøre eg sjelden forbi, kjørestilen min er nesten «mann med hatt». Kose meg på tur og trur også det er den tryggaste måten å kjøre på… Men èin må sjølvsagt vere «på» når èin kjøre sykkel, så eg kjøre ikkje passivt heller. Når eg var til Ride i Bergen traff eg to i køen innover i arbeidsklær som sjangla mellom bilar, bussar og lastebilar. Det er jo ikkje rart det er ulykker med sykkel…

Turen til Ride Bergen var for èin sjekk av sykkelen før garantien på 3 mnd går ut, alt var i orden. Bytte av dekk må gjerast, men det er avtalt allerede kommande onsdag og dekkene har eg kjøpt for lenge sidan. Ride imponerte med å ikkje ta betalt for sjekken, strålande kundebehandling, spes når eg ikkje har kjøpt sykkelen der…

Vart ståande å sjå litt for lenge på R1300GSA. Joda, eg kjenne meg sjølv så godt at det nok kan skje, men no får eg ha 1200GSen i nokre år. Litt usikker på den enorme tanken er heilt «meg», samtidig syns eg 1300GS nesten er litt fislete ifht 1200, men ja. Takka fint nei til prøvetur… Hehe

Til turen, tanken er, som i fjor, å kjøre Hardangervidda, så div grusveier via Geilo, Hemsedal, Beitostølen og kanskje Jotunheimenvegen igjen og Venabygdsfjellet via Folldal. Om det blir ny tur langs Helgelandskysten er meir tvilsomt. Det står eit oppussingsprosjekt å ventar i nord, men kanskje heller nokre dagar rundt Senja, Vesterålen og deromkring når nye vinduer etc er på plass i hytto. Me får sjå

I fjor vart veret så dårleg at desse grusvegane vart droppa, no er det fortsatt 10-12 dagar til eg slepp i frå på jobb, men det ser ikkje noko bedre ut i år. Det blir ikkje gruskjøring i øspøs, da blir berre gris og eg har heller ikkje offroad dekk til slikt…

Kanskje Sverige heller om det er tørt der, men det er endelause vegar i skogen der, men mange fine grusvegar… Deilig å berre kunne velge heilt fritt, uten å tenke på andre enn seg sjølv😅

No comments:

Post a Comment

Nytt leketøy - Carpuride702BS

Ja, med feriepenger på bok, nytt kjøreutstyr tatt på forrige lønn osv så kom tankane om egen nav unit opp etter Bergens turen. Før eg skulle...