Det å kjøpe heilt ny sykkel er kjekt, då kjenner du historikken fra dag 1 av sykkelen og du får lang garanti, heilt nye hjul mv., men baksida er at det ofte er mange ting som manglar før du har ein komplett sykkel.
Når eg kjøpte sykkelen i fjor haust tenkte eg ikkje ein gong på å kjøpe topp-boks, sykkelen var tenkt som pendle sykkel til jobb og rommet framme på NCen tenkte eg var meir enn godt nok, men allerede på dei få turane i fjor haust innsåg eg at det måtte til ein boks, for å sleppe å dra hjelmen opp i 6. etg på jobb kvar dag. Honda annonserer med at du kan ha hjelmen i fruken på denne sykkelen, men ikkje min str 60 hjelm, den går akkurat ikkje nedi der.
Vel, gjennom vinteren kom ideen om å kjøre til Nord-Norge i sommerferien, der me har hytte. Det er langt, veldig langt og som båt og fjellmann er det jo ikkje ferie om ein skal bu på hotell, det blir det nok av i jobb resten av året. Derfor måtte det bli full oppakning med telt, sovepose og alt som høyrer med.
Dermed kommer også alle behova for oppgraderinger sigende...
Utførte oppgraderinger:
Tidleg i vår gjorde eg ett raid i Bergen, satte på ein Givi N47 boks som fungerer veldig fint, stor, men ikkje for ruvande, monterte også ein enkel 12 volt lading der eg jukset litt og skrudd på ein Ctek kontakt som skrus på batteriet med hurtigkobling. Eg fekk også ein mobilholder til jul som gjer at eg har navigasjon tilgjengelig via mobil der strømledningien kan gå ut via oppbevaringsrommet framme, igjen utrulig praktisk at ein kan legge ting på lading i dette oppbevaringsrommet og også dra ledningen ut, det går fint å lukke lokket og det er 100% tett likevel. Ja og så blei det ein del oppgradering på personleg utstyr, nye sko, regndress og ikkje minst airbagvest (Helite 2). Første runde gjekk det ca 15.000 totalt, då var det ganske gode priser på mye av det som ble kjøpt.
Ny runde med oppgradering:
Eg tenkte lenge at eg skulle klare meg med dette, men spesielt dette med veltebøyler har eg fundert på når eg har planlagt turen nordover med mange grusveier, eg ser også at det er en del muligheter for å miste sykkelen, slik eg gjorde med KTMen. Ein god veltebøyle tar av mykje ved slike tilfeller og når eg no kom over ein modell som også har "foot pegs" som gjer at ein kan skifte sittestilling når ein kjører bestilte eg denne fra AGM.no, samtidig blei det ein del andre ting som styrehever (2 cm), sittepute for å redusere trykkbelasninger, førstehjelpspute, øyreproppar spes laga for MC, dings til støtte for å hindre at støtta sig ned i bløtt underlag mv...
Men no har det gått over 20.000 meir enn tenkt, sånn er det jo ofte. Denne sykkelen skal eg ha veldig lenge og trur dette utstyret blir viktig for sikkerhet og komfort (som jo heng litt saman også)