Ja, då er første sesong på GS over. Litt over 4000 km rakk eg før eg eit stykke ut i november måtte innsjå at sesongen var over. Ein mild haust gjorde at sykkelen vart brukt relativt mykje seint på hausten.

3. november var det på høg tid for årets service om eg skulle få det gjort før lagring. Skikkelig dritt ver, kl 06 ferga og turen til Sandvikvåg var slitsom med mykje dogg og regn på visiret. Her MÅ eg finne noko antidogbelegg eller spray.

Rein og pen til 20.000 km service, men møkkete til eg var framme hos Ride Bergen. 3 timar seinare bar det heimover.
Men det vart nokre småturar etter service også, til og med ein jobbtur til Haugesund før det var slutt. No gjenstår berre ein skikkelig vask før den blir ståande nokre mnd, avskilta.
Erfaringa sålangt?
GS vart kjøpt etter at eg verkelig fekk dilla på langkjøring etter fjorårets Nord-Kapp tur med Honda NC750 som eg vil sei ikkje var spesielt god til slike lange turar. Til det syns eg den hadde for dårlig komfort, mangle cruisekontroll, dårleg fjæring og vondt sete. Ikkje varme i holkane, ja, det er ein fin, rimeleg sykkel. Men det finnes så mykje betre... Men det kostar også... Eg valgte å kjøpe ein 2018 modell og selge den heilt nye Hondaen. Fortsatt måtte eg ut med dobbelt så mykje som eg fekk for Hondaen.
Det tok tid før eg vart venn med GSen, men med nye dekk vart sykkelen ein heilt anna og no er det berre fryd og gammen. Herlig sykkel, men til småkjøringa lokalt som det dessverre har blitt mest av så kan ein jo diskutere om den store og tunge GSen passar. No blir det vankseleg å gå tilbake, men målet er å komme seg på tur, hvis eg ikkje lykkast med å finne tid til det så får me sjå. Forhastar meg ikkje, eg syns eg fekk eit veldig fint eksemplar av GSen i den finaste fargen med alt av utstyr og kort kjørelengde så eg skal vere sikker før eg sel den.
Men eg må jo innsjå at eg har mange jern i ilden og full jobb med familie så blir det automatisk ganske mykje anna som må prioriterast. Reising i jobb, båtturar i helgane, ja det er begrensa og det er jo når veret er fint du vil kjøre både sykkel og vere på båttur...
Vel, kryssar fingrane for ein 2026 sesong som gjev litt meir tid. Spesielt håpar eg at det blir nordover tur i 2026.