Langhelga med 1. mai på torsdag, blei brukt til div prosjekt heime samt seilas søndagen. Men inni mellom vart det tid til litt Mc kjøring, både til Bergen og Stavanger faktisk.
Bergen vart èin kald og fuktig affære. På den turen bestemte eg meg for nye Mc kler, Rukka klerne er no over 20 år, dei lekk både her og der og har div rivna sømmer og nokre ødelagte glidelåser så dei har sett sine beste dagar. Prøvde Clover klær hos Ride i Bergen, likte dei godt og prisen var ikkje heilt galskap heller.
Hadde bestemt meg for å kjøpe der, men så kom eg i snakk med Stord SpeedShop om kler på åpen dag på Vabakkjen dagen etter, dei fører også Clover og prisen var vesentlig bedre så no er dei kjøpt der. Ikke fått enda, så fekk eg den litt lyse jakka som eg syns er mykje finare enn den svarte som Ride hadde inne… Bestilte også forsterka feste til skjemen. Blir spennande å sjå om det stiver så mykje meir at vindbeskyttelsen også blir god i høg fart…
Vel, den kjekke turen vart den til Stavanger for å sjå på èin båt. På retur kjørt eg ut til Utstein og til fyret og klosteret. Fantastisk fin plass!!
Slitsom vind på 16-18 m/s i kastene på retur. GSen er ikkje noko stødigare enn Hondaen i slike forhold, èin sitt høgt så vindfanget blir stort… Hatar egentlig mykje vind, det er stress!
Jysla fin båt, men me får sjå…