Thursday, April 24, 2025

2. Påskedag - endeleg tid til litt kjøring…

Ein har kanskje litt for mange ting når det både skal vere tid til fjelltur, båttur, og mc-tur i Påsken😅 Men alt er veldig kjekt så det blir neppe nok nedtrapping med det første…

Sidan sist innlegg har sykkelen kun blitt brukt til og fra jobb, og til litt småærend lokalt.

Men 2. påskedag varta opp med perfekt sykkelver, overskya og vindstille! Litt på måfå, har satt navigasjonen på Nedstrand, men så vart det brått èin svipp mot Auklandshamn, i skrivande stund kort stopp på Langevatnet nærmiljøanlegg… Flott plass👍

Turen gjekk videre til Nedstrand. Aldri vore der før, litt sørlandspreg. Kjekt med båt også her, varmare her inne enn med kysten…

Kjekk veg utover med mange slakke fine svingar og lite trafikk!

No comments:

Post a Comment

Nytt leketøy - Carpuride702BS

Ja, med feriepenger på bok, nytt kjøreutstyr tatt på forrige lønn osv så kom tankane om egen nav unit opp etter Bergens turen. Før eg skulle...