Etter Hardangerfjorden rundt har det ikkje vore tid til anna enn daglig bruk som er 20 km rur-retur jobb samt div ærend på Stord.
Før no…
19. juni skal eg halde ein presentasjon under arrangementet Kongsberg Agenda. Eg kunne tatt fly eller bil, men eg tenkte at det var ein perfekt anledning til å få litt meir erfaring med sykkel og kropp over litt lengre distanse. Hardanger turen gjorde meg litt skeptisk til om eg ville klare Nord-Norgen uten at det ville bli fysisk slitsomt og dermed lite kjekt…
Eg har no fått heva styret 2 cm, kjøpt «luft-pute» og fått på crash bar med fotkvilere og ikkje minst fått tak i øyreplugger.
Spent på om dette ville hjelpe meg til å klare lengre strekk og etter å ha kjørt uten stopp til Seljestad så virkar dette lovande. Ein blir sjølvsagt meir vant også, men å sitte mjukare og ha mulighet til å sitte med beina framover som på ein scooter har hjulpe veldig. Ikkje spes sliten etter vel 2 timar tross øspøs på slutten så dermed virkar Nord-Norge turen også meir realistisk. Tida går fort så berre 3 veker igjen no…
No comments:
Post a Comment