Sunday, June 30, 2024
Vindskjerm og spoiler
Thursday, June 20, 2024
Suleskar
Jobboppdraget er ferdig i Kongsberg og når neste jobboppdrag er Utsira i morgon med ferge kl 08åå vart det ein super anledning til å kjøre Suleskavegen og «krasje« hos svigers i Haugesund.
På veg til siste foredrag før heimreise
Kjørte via Bolkesjø til Sauland før eg kom ned på E134 der, litt lengre, men veldig kjekk MC veg. Derfrå vart det E134 til Høgdalsmo, eg bruker mobilen som navigasjon og har kjøpt appen "MyRoute", eg syns det er fin, men lot meg ikkje affisere av at den ville ha meg til Åmodt, det var ein tabbe. Nesten til Dalen var vegen stengt. Den skulle opne i 30 min om ein time når eg stod framføre sperringa, men eg eig jo ikkje tolmod så dermed bar det avgårde til Åmodt og ned der.
Eg stoppa i høgget ovanfor Dalen og Norsjø for å kikke på utsikten og då såg eg bilane slapp gjennom, så det hadde nok vore betydelig smartare å lagt seg i graset og venta, men, men.
FV450 som går fra Dalen til Setesdalen har ikkje veldig god vegstandard og NCen blir litt slitsom på slik veg, men det går egentlig heilt greit, godt hjulpe av "luftputa" eg kjøpte på SW-Motech.
Det var stopp i Valle for pizza. Ved oppstart var klokka blitt 1630 allerede og eg låg godt bak skjemaet eg hadde sett for meg, mista 1 time rett før Dalen f.eks, men, men ikkje noko stress.
Suleskar har eg kjørt med bil og campingvogn, men må sei eg syns det var smalare her enn eg hugsar, men fantastisk fint å kjøre over her. Synd det var kraftig motvind heile vegen. På denne turen vart det bestemt at det skal på større skjerm, tross proppar vart det mykje støy også... Kjem egen post om det prosjektet
Vel over Suleskar så var vegen ned til Ålgård akkurat så lang som eg hugsar den frå turen med bil og campingvogn, byrjar også å bli litt lei her, men flott ver og mindre vind så ikkje noko stress.
Vel nede på E39 så er jo vegen svært så kjent, deilig med ny asfalt i tunnellane før Mortavika. Mykje bølger på ferga gjorde at eg ikkje turte å gå frå sykkelen. Etter Arsvågen var det kun 30 min inn til Haugesund og overnatting hos svigers før jobboppdrag på Utsira fredag morgon.
Litt upraktis med sykkel på jobboppdrag, men det går. Heldigvis hadde eg ein kollega med bil der eg kunne stue alt utstyret så eg slapp å dra på det på ferga og på Utsira...
Fredag ettermiddag var det endelig tid til å kjøre heim, min klart lengste tur til no på MC var ein suksess. Men som sagt, Nord_Norge turen då skal det på meir vindbeskyttelse ellers er alt på stell no
Monday, June 17, 2024
Stord-Kongsberg (Jobb tur)
Etter Hardangerfjorden rundt har det ikkje vore tid til anna enn daglig bruk som er 20 km rur-retur jobb samt div ærend på Stord.
Før no…
19. juni skal eg halde ein presentasjon under arrangementet Kongsberg Agenda. Eg kunne tatt fly eller bil, men eg tenkte at det var ein perfekt anledning til å få litt meir erfaring med sykkel og kropp over litt lengre distanse. Hardanger turen gjorde meg litt skeptisk til om eg ville klare Nord-Norgen uten at det ville bli fysisk slitsomt og dermed lite kjekt…
Eg har no fått heva styret 2 cm, kjøpt «luft-pute» og fått på crash bar med fotkvilere og ikkje minst fått tak i øyreplugger.
Spent på om dette ville hjelpe meg til å klare lengre strekk og etter å ha kjørt uten stopp til Seljestad så virkar dette lovande. Ein blir sjølvsagt meir vant også, men å sitte mjukare og ha mulighet til å sitte med beina framover som på ein scooter har hjulpe veldig. Ikkje spes sliten etter vel 2 timar tross øspøs på slutten så dermed virkar Nord-Norge turen også meir realistisk. Tida går fort så berre 3 veker igjen no…
Bmw Gs1200 - 2018 modell…
Ja, då er det gjort. Eg har tatt steget opp i monsterklassen av ekte adventuresyklar og gått til innkjøp av ein klassiker av ein BMW GS1200....
-
Med den nye og vesentlig meir komfortable sykkelen har tanken på langtur byrja å ta form... Den foreløpige planen er å kjøre til hytta i No...
-
Når eldstemann fikk lov til å ta lappen var det selvsagt nytteløst å prøve å stoppe yngstemann. Vi er veldig klar over faren det er å kjøre ...
-
Når vi fikk førstemann mens vi bodde i Oslo og han skulle begynne i barnehage ble det umulig å ikke ha 2 biler og den kjekke Honda 250 Scoot...