Sunday, December 14, 2025

Klar for vinteren

​Hektisk aktivitet i garasjen har gjort at det tok tid før sykkelen kunne vaskast, tørkast og plasserast i garasjen for vinteren. No trur eg det blir ein kort vintersesong, men alltid kjekt å forlate sykkelen rein og fin...



Damn good looking bike:)

Tørking først med løvblåsa, så microfiberklut og så varmevifte noke timar før stretch-lakenet blir dratt øve.

Gler meg te 2026, meir klar for lengre turar då, sitt å ser etter inneklemte dagar, jobbreiser som kan kombinerast etc. sku hatt meir fri ja...


Thursday, November 27, 2025

Sesongen 2025

​Ja, då er første sesong på GS over. Litt over 4000 km rakk eg før eg eit stykke ut i november måtte innsjå at sesongen var over. Ein mild haust gjorde at sykkelen vart brukt relativt mykje seint på hausten.

3. november var det på høg tid for årets service om eg skulle få det gjort før lagring. Skikkelig dritt ver, kl 06 ferga og turen til Sandvikvåg var slitsom med mykje dogg og regn på visiret. Her MÅ eg finne noko antidogbelegg eller spray.


Rein og pen til 20.000 km service, men møkkete til eg var framme hos Ride Bergen. 3 timar seinare bar det heimover. 

Men det vart nokre småturar etter service også, til og med ein jobbtur til Haugesund før det var slutt. No gjenstår berre ein skikkelig vask før den blir ståande nokre mnd, avskilta.

Erfaringa sålangt?

GS vart kjøpt etter at eg verkelig fekk dilla på langkjøring etter fjorårets Nord-Kapp tur med Honda NC750 som eg vil sei ikkje var spesielt god til slike lange turar. Til det syns eg den hadde for dårlig komfort, mangle cruisekontroll, dårleg fjæring og vondt sete. Ikkje varme i holkane, ja, det er ein fin, rimeleg sykkel. Men det finnes så mykje betre... Men det kostar også... Eg valgte å kjøpe ein 2018 modell og selge den heilt nye Hondaen. Fortsatt måtte eg ut med dobbelt så mykje som eg fekk for Hondaen.

Det tok tid før eg vart venn med GSen, men med nye dekk vart sykkelen ein heilt anna og no er det berre fryd og gammen. Herlig sykkel, men til småkjøringa lokalt som det dessverre har blitt mest av så kan ein jo diskutere om den store og tunge GSen passar. No blir det vankseleg å gå tilbake, men målet er å komme seg på tur, hvis eg ikkje lykkast med å finne tid til det så får me sjå. Forhastar meg ikkje, eg syns eg fekk eit veldig fint eksemplar av GSen i den finaste fargen med alt av utstyr og kort kjørelengde så eg skal vere sikker før eg sel den.

Men eg må jo innsjå at eg har mange jern i ilden og full jobb med familie så blir det automatisk ganske mykje anna som må prioriterast. Reising i jobb, båtturar i helgane, ja det er begrensa og det er jo når veret er fint du vil kjøre både sykkel og vere på båttur...

Vel, kryssar fingrane for ein 2026 sesong som gjev litt meir tid. Spesielt håpar eg at det blir nordover tur i 2026.


 


Saturday, July 19, 2025

Solfonn - Via Sauda heim!

Utleige på Solfonn går stort sett av seg sjølv, men me har erfart at etter 5 korttidsutleige bør me sjå over og vaske der det allerede skal vere vaska. Det blir gradvis skitnare.

Her ser me at det kanskje ikkje stemte heilt at det var strøkent reingjort, som siste leigetakar bedyra, men heilt greit. Få legg sjela i slik type utvask etter leige på 2-3 dagar.

Men eg er ikkje vanskeleg å be, dette er ein ypperleg Mc tur, og i finveret bestemt eg meg for å kjøre via Sauda heim.

32 grader e varmt på sykkel...

Maks lufting...

Sjukt varmt for tida (32 i Sauda), men det gjekk overraskande bra for meg som fort syns 20 er meir enn nok!

Kjørte gml veien over Røldal før Saudafjellet. Magisk vakkert

Wednesday, July 2, 2025

Kluss med TFT skjermen

Når endeleg alt var på plass så gjekk det èin dag og Vipps så tulla TFT. Den går i svart ved oppstart. Det skjedde eit par ganger i mai også, meldt inn til Arctic Motor så får me sjå, kva dei seier.

Ride i Bergen seier at dei må ha den inn, men så på veg heim frå jobb og på heile kveld har det virka fint så vanskelig med slike periodefeil…

Tuesday, July 1, 2025

Ny balansering av framdekket…

Tirsdag fekk eg tilbake hjulet, då hadde hjulet blitt tatt av og på igjen, utan at dei kunne sjå eller måle noko forskjell…

Om det faktisk var omlegginga eller om det var andre ting som gjorde at den gav vibrasjoner første gong veit eg ikkje, men no oppleves den som før, smooth og fin. Det var deilig, eg veit eg er spesielt sensitiv for vibrasjon så derfor var det også ekstra kjekt når ting er tilbake til slik det var.

Med orden på alt var det endelig anledning til å nyte dei nye dekkene som gjer svingkjøring til èin leik ifht korleis den var med dei gml dekkene. Mykje større forskjell enn eg hadde sett for meg, det blir ikkje spart på det framover, eg kjem ikkje til å kjøre med kantete dekk meir etter dette, 4700 for Metzler Next2 ferdig montert er ikkje allverden

Endeleg kom også feste til å stive opp den store vindskjermen. Eg tok først èin tur berre med nyoml må dekk så eg ikkje introduserte fleire feilkilder, etter å ha fått montert feste var det ut på samme tur igjen og du verden for èin forskjell i litt høgare fart. Dei kosta 1.100 kr, men verd kvart ei krone.

Denne sykkelen med automatisk dempere og no også veldig god demping av vindstøy er endeleg no blitt den globetrotteren desse syklane skal vere.

Til tross for at

Saturday, June 28, 2025

Nye dekk og bremseklosser

Dekkene på sykkelen hadde godt mønster, men var blitt kantete så eg kjøpte nye på tilbud hos MCOslo for lenge sidan.

Litt seint med bestilling av bytte gjorde at eg måtte levere inn hjulene skulle eg få det gjort før ferien. Eit bra tidspunkt å lære litt mekking på sykkelen mao.

Eg tok først av bakdekket, leverte det inn på onsdag, det er ikkje lett å ta av begge samtidig, i alle fall syns eg det vart riskikofylt. Onsdag kveld vart det 325 km til Seljestad tur-retur med nytt bakdekk og gammalt framdekk. Nesten heilt ny sykkel, mykje meir svingvillig, eg hadde ikkje trudd det skulle bli så stor forskjell.

Torsdag morgon skrudde eg av framdekket og fekk det lagt om også, laurdag var det tid for rens av alle kaliptere samt bytte av bremseklosser bak. Greit å få dette gjort, alle stempel virkar fine.

Dette er ein lett jobb og går fint så lenge ein er nøye og ikkje gjer dumme ting som å bruke feil moment og/eller gløymer splintra som held ting på plass. Det har vore saker der bolten som held klossabe bak har falle ut og låst bakdekket. Det er full krise sjølvsagt.

Alt klart til prøvetur lørdag kveld, men dessverre merka eg med ein gong at med nytt framdekk hadde det sneke seg inn ein liten ubalanse. Ikkje voldsomt, men nok til at den gode smoode følelse fra ture til Seljestad no var borte. Trippelsjekka at eg hadde gjort alt riktig.

Det er mulig å kjøre med den slik, men det er ikkje kjekt. Kjørte eit par mil før eg snudde og kjørte heim igjen.

Eg tok ta av framhjulet igjen, då må begge kaliptere av, uten dei rullar hjulet veldig lett og dermed lett å måle opp hjulet er i balanse på opp og ned og sideveis. Hjulet har fleire millimeter avvik på opp og ned samt litt sideveis, det må vere montering sidan det var bra med det gamle dekket så no er det tilbake til Motorsyklisten på mandag så får me sjå.

Det kan vere feil i dekk, det har eg opplevd på heilt nye 2 bilar før, men dette burde dei sett på avbalanseringa, men me får sjå no, Det må fiksast om det så må nytt dekk på, eg er svært nøye på slikt…

Sunday, June 22, 2025

Nytt leketøy - Carpuride702BS

Ja, med feriepenger på bok, nytt kjøreutstyr tatt på forrige lønn osv så kom tankane om egen nav unit opp etter Bergens turen. Før eg skulle innom Ride skulle eg hente noko eg hadde kjøpt til båten, då såg eg kor håplaust det er med navigasjon via mobil.

Eg kjøre med regntette handskar. Dei er veldig gode, men dårlige på skjerm. Eg har to sett, men begge er tjukke og lite egna til skjerm. Mobilen med BMW appen viser kun kart, tid feks til ferja som var èin av tinga eg ville vite denne gongen, ja då må èin inn på TFT skjermen og då blir det mykje inn og ut på den skjermen. Vel èin navigasjon så forsvinn turteller og anna data, litt utdatert syns eg faktisk TFTen til BMW er, men ser den brukes på 1300 også og layout ser ganske lik ut. Lysstyrken er dog heilt konge og eg er jo heldig som fekk èin 2018 med denne skjemen, første modell med TFT… Litt derfor det vart 2018 modellen må eg innrømme, men også fargen, låg km og mjuke sidevesker, høg vindskjerm med spoiler, og ikkje så mykje høgare pris. Alt var på plass på denne og no blir den enda EiT hakk meir komplett…

MEN tilbake til appen til BMW. Den er veldig kjekk å ha som loggbok, der den legg inn bilder du tar automatisk. Så den appen får uansett gå i bakgrunnen, det skal vere mulig…

Eg kunne brukt feks Google Maps på mobilen sjølvsagt, men det er umulig å trykke på skjermen med handskar eg har, ikona blir også altfor små…

Definitivt eit I-landsproblem, men uansett eit problem;) Dessuten eit kjekt leketøy som ja, kan ta fokus.

Dei mest naturlege alternativene:

  1. BMW Navigator
  2. BikePlay fra AdvThor
  3. Carpuride 702BS
  4. AIO-05/06

BMW og AIO ryk ut allerede på pris så uansett kor gode dei måtte vere er dei ikkje aktuelle. No har også BMW løsningen dårlig rykte, fekk med èin slik ved kjøpet, den er heilt ødelagt, skjermen fungerer i hytt og pine. Sikkert bra på nye, men ja, altfor dyr.

AIO-05 og 06 er ca dobbel så dyre som Carpuride og BikePlay. Eg stod dermed veldig fort igjen med desse to. BikePlay er det trygge valget med kjøp via AdvThor i Norge, men eg vart skeptisk når eg oppdaga at den ikkje kan styrast av BMW hjulet…

Eg kom over denne videoen til Big Rock Moto av Carpuride 702BS, eg har sett mange av hans videoer og han framstår som veldig kunnskapsrik. I denne videoen opnar han med å informere om at han har fått produktet gratis samt at han tjener penger om eg kjøper ein, då skal èin jo vere skjepisk!

https://youtu.be/2aAJumdiHJw?si=pIRTw7KFInz4c5FS

Uansett vart eg overbevist om den nye modellen 702BS er rett for meg. Trur det er «S» som betyr at dette er den ny modellen som har kontakt med BMWen sitt Can-bus, slik AIO har hatt lenge…

Det som er kjekt med at den snakkar med sykkelen sitt system er at èin både får brukt scrolleren, men også får opp vitale sykkeldata.

Desse har du i TFTen frå før, men her får du meir info på samme bilde og eg likar å vite feks motor temp etc uten å klikke èin masse og samtidig miste turteller, slik det er på TFTen. Spes når det er kaldt likar eg å ha kontroll på både turtall og temp sjølv om TFT justerer maks grensa på turtelleren automatisk etter tid og temp.

Carpuride skal også ha litt bedre vanntetthet, IP67 vs 65. Den har også litt meir lyssterk skjerm, den har også ein liten solskjerm, om no den har noko betydning. Godt mulig det er pluss med BikePlay som eg ikkje har oppdaga, men BMW hjulet åleine var nok til å tippe valget over. Ca 450 kroner dyrere var Carpuride vs BikePlay, men det var med express bestillingen via Amazon UK. Ørlite billigare rett frå fabrikk i Kina om èin bruker 30% rabattkoder feks til «bigrockmoto». Men dette rabattkode greiene er altså stort sett berre gimmic, uten rabatt er den ca 2-5% dyrare frå Amazon UK då inkludert hasteleveranse også som kosta 100 kr ekstra. 4200 kosta den levert Norge inkl mva og gebyrer, hastelevert…

BikePlay kostar 3750,-. Er det kun navigasjon èin er opptatt av og èin har handskar som fungerer på skjermen så er det nok liten vits med Carpuride… Mykje lettare å reklamer om det blir kluss…

No er det jo slik at èin lagar seg nok litt kunstige behov for å forsvare valget, men, men. No er den i alle fall bestilt fra Amazon UK og skal komme allerede onsdag!!

Det blir spennande å få denne på plass, er også spent på om den vil ta noko av sikten til TFT skjermen. Mulig 7 tommer er litt overkill, men då får eg heller selge å kjøpe èin 5 toms. Eg er lang i ryggen og ser at enkelte har kommentert at den kan ta litt sikt så spent på om det blir tilfelle for meg også…

Klar for vinteren

​Hektisk aktivitet i garasjen har gjort at det tok tid før sykkelen kunne vaskast, tørkast og plasserast i garasjen for vinteren. No trur eg...